Den førebels obduksjonsrapporten gir ingen klare svar på korleis den alvorlege infeksjonen starta.
Avdelingsoverlege ved Kristiansund sjukehus, Christian Bjelke, karakteriserer dødsfallet som ein tragedie.
Han ventar no på den endelege obduksjonsrapporten.
Den kan gi eit klarare svar på kvar bakteriane stammar frå.
På grunn av sterke magesmerter oppsøkte kvinna sjukehuset natt til 16. juli.
Det vart raskt konstantert at pasienten hadde blodforgifting, og det vart starta intensiv antibiotikabehandling.
Christian Bjelke
Bjelke fortel at dei trudde dei hadde klart å stabilisere kvinna, og sto klar til å sende henne vidare til spesialistar ved St.Olavs hospital i Trondheim.
Men situasjonen forverra seg, og kvinna døydde samme ettermiddag.
No ventar sjukehuset på den endelege obduksjonsrapporten og håper dei får eit klarare svar på kvar bakteriane stammar frå.
Men Bjelke trur ikkje noko kunne ha vore gjort annleis for å redde kvinna.
Ein sjukepleiar ved sjukehuset døydde for vel eitt år sidan av sjukehusbakteriar.
Denne kvinna vart smitta av ein infeksjon i eit sår.
Men dette var ein annan type bakterie, og det ser ser derfor ikkje ut til å vere nokon samanheng mellom dei to dødsfalla.