Hopp til innhold

Ventar på ny kyrkje

Spjelkavik menigheit skal desentraliserast og Hatlehol sokn skal ta over 8000 av medlemmane.

Arvid Brevik

Arvid Brevik viser tomta der Hatlehol kyrkje skal stå

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

- Dette har vi venta på i førti år, seier leiar i planutvalet for Hatlehol kyrkje, Arvid Brevik.

I Møre bispedøme er det 120 kyrkjer i ordinær bruk. Seks av desse finn ein i Ålesund kommune. Derimot har den tredje største menigheita i landet, Spjelkavik sokn berre ei av desse.

Plassmangel

Spjelkavik sokn har omlag 17 000 medlemmar, men berre ei kyrkje. I mange år har det vorte jobba for å få på plass ei kyrkje til og no ser det ut til at Hatlehol kyrkje kan verte ein realitet. Arvid Brevik meiner at dette er på høg tid.

- Vi må ut og finne kriseløysingar for å greie å handtere behovet. Store delar av innbyggjarane i Ålesund bur i Spjelkavik sokn og alle desse skal dele på ei kyrkje, seier Brevik.

Stiftsdirektør i Møre Bispedømme, Jan Egil Korseberg, har forståing for ynskjet om ei ny kyrkje.

- Det er vanskeleg å drive ei menigheit med så mange medlemmar rundt berre ei kyrkje, altså Spjelkavik kyrkje. Så eg forstår at dei lokale ønskjer seg eit kyrkjebygg til.