NRK Meny

Ventar på flyktningar

Sula kommune står klar med bustad og ni tilsette for å ta i mot mindreårige flyktningar, men ingen kjem. Kommunen har sagt ja til å ta imot 12 einslege mindreårige flyktningar, fem i år og sju neste år. – Det får store økonomiske konsekvensar viss ingen flyktningar kjem i år. Det er heilt uaktuelt for Sula kommune å ta den belastninga. Vi kjem til å krevje kompensasjon frå myndigheitene, seier ordførar Jim Arve Røssevoll.

Jim Arve Røssevoll (Ap), ordfører i Sula.
Foto: Trond Vestre / NRK