NRK Meny
Normal

Ventar på dagslyset

Redningshelikopter og ei dykkargruppe ventar no på at det skal bli skikkeleg lyst før leitinga etter dei fem sakna frå Bourbon Dolphin blir sett i gang igjen for fullt.

- I løpet av ein time eller to kan redningshelikopteret vere i full aktivitet igjen, seier pressekontakt Sophie Turner frå den britiske kystvakta til NRK. - Dersom dykkarar skal prøve å ta seg inn under eit skip som ligg med kjølen i vêret, må det vere heilt lyst, seier ho.

Dykkarane som vurderer om dei skal prøve å ta seg inn i skipet, har varmesøkjande kamera for å gjere det lettare å finne dei sakna.