Ventar på at vatnet skal stige

Redningsskøyta «Erik Bye» ventar no på at vatnet skal stige slik at dei kan hjelpe det grunnstøtte lasteskipet «Sea Cargo Express» med å kome seg laus. Skipet blåste på grunn då det skulle legge til Surnadal hamn torsdag ettermiddag og har stått fast sidan. Redningsskøyta får hjelp av eit frakteskip og håper å få laus «Sea Cargo Express» rundt midnatt når vatnet har stige ytterlegare.

Lasteskipet «Sea Cargo Express»
Foto: Dordi Skuggevik