Hopp til innhold

Ventar på at snøen skal kome

Vind og regn er ikkje drøymeveret til dei som er på vinterferie. På Fjellsetra i Sykkylven er folk klare for meir kvitt i bakkane.

Sunnmørsalpane skiarena Fjellseter

Det er ikkje optimale forhold for skigåing på Fjellsetra i Sykkylven i regnvêret.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tor Einar Eliassen

Tor Einar Eliassen jobbar som frivillig ved Sunnmørsalpane skiarena Fjellseter.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I fem-seks grader og regn er det ikkje akkurat kø i skitrekket på Fjellestra i Sykkylven.

Tor Einar Eliassen jobbar som frivillig og passar på at ingen skader seg. Sjølv om vêret ikkje er optimalt, har det ikkje skremt bort alle. Og høgt opp i løypene er forholda slett ikkje verst, meiner han.

– Nokre har bestemt at dei skal på fjellet uansett ver, og då spelar det inga rolle om det regnar. Det går nokre timar før dei blir våte, seier Eliassen. Han ventar på snøen som er meldt ut i veka, slik at senteret får opna opp alle trekka.

Har det fint uansett

Robin, Sander og Tonje Kalvatn Øvretun frå Sogndal er på vinterferie og synest det er litt lite snø i bakkane, men dei heng ikkje med leppa av den grunn.

– Det er fint likevel. Vi har hytte rett her borte, så det er kjekt å vere her. Vi spelar brettspel og kosar oss, seier Robin. No er dei i bakken og øver på ski og snowboardferdigheitene.

– Det går fint sjølv om det regnar. Kleda er vasstette, seier Tonje.

Barn på ski og snowboard på Fjellsetra

Robin, Sander og Tonje Kalvatn Øvretun saman med Thomas T. Kalvatn.

Foto: Jannicke Farstad

Guffent ver

Utanfor ei hytte sit fem år gamle Ingrid Bekken Bratholm og lagar eit tårn i snøen saman med veslebroren. Sjølv om alle andre klager på at det er for lite snø, synest 5-åringen at det er akkurat passe.

– Eg har vore i skibakken i dag og det var gøy, seier Ingrid. Pappa Per Kristan Bratholm ler og seier at dei tar med barna i skitrekket uansett ver. Grunnen er enkel.

– Vi har sesongkort og må tene det inn att, seier Bratholm. Han innrømmer at det har vore guffent i dag. No skal familien varme seg med pølser på bålet. Trass regn drar dei ikkje heim med det første.

– Vi har blitt lovd at det skal kome 10 centimeter med snø på tysdag, så vi blir verande, seier Bratholm.

Ingrid og Ole Bekken Bratholm

Ole og Ingrid Bekken Bratholm synest det er akkurat passe med snø.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ludo inne

Inne i den varme, lune hytta til familien Hessen går terningen over bordet. Når det regnar ute er det mykje koselegare å spele ludo enn å gå på ski.

– Å vere på hytta i styggever sånn passe. Du kan vere inne og slappe av, men det er kjekt å vere ute også seier, Guro Hessen. Onkel Lars Hessen likar seg definitivt best inne i ruskeveret.

– Eg står ikkje på ski, så eg trivst best inne med ludo, seier Lars.

Lars og Guro Hessen spelar ludo

Enkelte trivst best inne i ruskeveret. Her spelar Lars Hessen ludo med Malin Dyb og Guro Hessen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK