NRK Meny
Normal

Ventar mest regn over Mannen tysdag

Meteorologane trur no at regnvêret over fjellet Mannen i Romsdalen blir verre tysdag enn i helga. Geologar har tidlegare frykta at raset kan gå søndag på grunn av regn, men endå meir nedbør er altså venta om tre dagar.

Helikopter på fjellet Mannen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Geologar har tidlegare sagt at dei fryktar at raset frå fjellet Mannen i Romsdalen kan gå søndag, på grunn av mykje regn. No seier Vervarslinga for Vestlandet at tysdag blir endå verre.

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen

Meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet seier det kjem til å kome mest nedbør tysdag.

Foto: NRK

– Ja, slik det ser ut no, kan nok den første delen av tysdagen vere den verste perioden, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet laurdag formiddag.

Sender ut OBS-varsel

Geologar har tidlegare sagt at dei fryktar at raset skal komme søndag, på grunn av mykje nedbør. Laurdag formiddag sende Noregs Vassdrags- og Energidirektorat ut varsel om fare for flaum på grunn av mykje regn. Her blir nedbørsprognosen oppjustert til 50-80 mm på 24 timar.

Frå før er det sendt ut varsel om fare for jordskred. Men no er det altså venta endå meir regn tysdag.

– Det er vanskeleg å seie akkurat kor store nedbørsmengder det er snakk om. Det er vanskeleg med nedbør, og vi må følgje med kontinuerleg på prognosane og korleis dei endrar seg, seier Andersen.

– Kvifor er det så vanskeleg å vite?

– Nedbør er ikkje lett, rett og slett. Det er mange lokale effektar som har betydning. Vi må rett og slett berre følgje med på korleis prognosane endrar seg, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet ...

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet «Mannen» viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Vurderer frå time til time

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad seier dei følgjer situasjonen time for time.

Foto: Arnt Olav Herjehagen

Ordførar Lars Olav Hustad seier at dei nye verprognosane ikkje endrar beredskapen til kommunen.

– Vi har den same beredskapen heile tida, og vurderer situasjonen frå time til time, frå dag til dag. Akkurat no er det stille og roleg, seier Hustad.

Det er førebels ikkje avtalt noko møte laurdag, men det kjem i stand i løpet av kort tid, dersom det er behov, seier Hustad.

– Trur du raset kjem til å gå tysdag?

– Eg trur ingenting, eg forheld meg til meteorologane, seier Hustad.

Spennande tider også for meteorologane

I Rauma ventar alle på det varsla skredet, der 12 000 lastebillass kan losne frå fjellet Mannen. Onsdag blei to gardar og fleire hytter evakuerte. Men også meteorologane syns det er spennande dagar.

– Jau, sjølvsagt, det er veldig mykje ver for tida. Det er spennande tider for oss meteorologar, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Mannen i Romsdal