Hopp til innhold

Ventar med "vassbombing" av Mannen

Det ustabile fjellpartiet ved Mannen i Romsdalen har igjen begynt å bevege seg. NVE har planar om å tilføre ekstra vatn, men det skjer ikkje med det første.

Fjellet Mannen i Romsdalen

NVE skal tilføre vatn i sprekkene på det rasfarlege partiet, men ventar med å sette i gang operasjonen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Bevegelsane ved det rasfarlege partiet har tatt seg opp dei siste dagane. Tysdag varsla Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at farenivået er heva til gult. Det betyr at skredfaren er moderat, og at NVE intensiverer overvakinga av fjellet. I 2016 vart det kjent at NVE vil prøve noko heilt nytt for å kontrollert løyse ut skredet. Planen er å pumpe vatn opp i store tankar frå baksida av fjellet og pøse vatn inn i sprekkane.

Vasstilførsel Mannen
Foto: NVE

– Vi har ingen umiddelbare planar om å sette i gang dette no. Vi gjer ikkje det på gult farenivå, seier geolog Ingrid Skrede ved NVE. Det står att ein del arbeid før vass-systemet kan takast i bruk, blant anna er ikkje pumpa og anna utstyr floge opp enno.

Vatnet skal hentast frå eit vatn på baksida av Mannen. Dette vatnet er no isfritt, slik at ein enkelt kjem til.

Når NVE sett i gang med å tilføre vatn, skal folket som bur i området, vere evakuerte. Fleire gongar dei siste tre åra har folk måtte flytte ut frå husa sine på grunn av stor rasfare.

Dagsrapporten frå onsdag 9. august viser at rørslene ligg på 10 mm i øvre del av området og 2 mm i nedre del. Bevegelsane til det rasfarlege partiet som NVE kallar Veslemannen har vore oppe i ein meter per år.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL