NRK Meny
Normal

Ventar liten storm

Det går mot ein vindfull første junidag i Møre og Romsdal.

Atlanterhavsveien

Det kan bli kraftig vind måndag, som her på Atlanterhavsvegen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Meteorologisk institutt melder om ein måndag med mykje vind. Dei har sendt ut eit OBS-varsel for Vestlandet og Midt-Noreg.

Varselet for Møre og Romsdal er slik:

Frå måndag ettermiddag sørvest sterk kuling på kysten, periodevis liten storm.

Det er venta nedbør som snø over om lag 800 meter.

Det kan bli vanskelege køyreforhold i fjellet.

Uværet "Ivar"

Periodevis liten storm, heiter det i varselet for første junidagen.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK