Ventar i spenning på at fjellet Mannen skal rase

Temaet i lunsjen på arbeidsplassane i Rauma måndag er det same: når kjem raset frå Mannen. Dei fleste trur det kan skje fort, men nokre trur fjellet blir ståande i hundrevis av år til.

Lunsj hos Plasto på Åndalsnes

Stemninga i lunsjen er avslappa hos dei tilsette på Plasto på Åndalsnes måndag. Dei følgjer med, men ifølgje administrerande direktør Lars Tenerud er folk veldig avbalanserte.

Foto: privat
Synnøve Hole
Journalist

Temaet rundt lunsjborda på bedriftene på Åndalsnes måndag er gitt. Det er raset frå Mannen som vekkjer debatt, ikkje minst etter at det måndag morgon blei kjent at rørslene i fjellet har auka betrakeleg sist natt.

- Det er dette som er samtaletema i dag, alle lurer på når det skal skje og kva som skjer no, seier produksjonsleiar Bjørg Helland ved bedrifta Wonderland AS. Ho meiner nokre av utålmodige, medan andre trur fjellet blir ståande.

- Eg høyrer ein del som har den versjonen, dei trur det ikkje skal rase, seier Helland.

Dei siste daganne har mange reist oppover til fjellet Mannen, i håp om å få med seg det som skjer. Så langt har det vore stille, men mykje tyder på at det raset snart kan skje.

Ventar meir regn måndag kveld

Ekspertane er ganske klare måndag formiddag på at det no skal lite nedbør til før fjellet kan rase. Måndag kveld og natt er det venta meir nedbør, og frå klokka 14 har politimeisteren gitt forbod om å opphalde seg ved fjellet Mannen.

Totalt 11 personar er evakuerte, og desse har no fått melding om endringane i fjellet, som blei registrerte i 22-tida søndag kveld.

Snakkar om Mannen i lunsjen

Også hos bedrifta Westnofa Industrier på Åndalsnes er tema under samtaletemaet mellom dei tilsette måndag gitt.

– Det er klart at Mannen er veldig sentral, men vi har ikkje så veldig stor frykt for det som skjer. Det einaste er jo dersom det kjem meir enn det ekspertane seier, seier dagleg leiar Ove Søvik.

– Trur du det rasar i dag?

– Det er vanskeleg for meg å seie, det kan jo ta både kort og lang tid. Men vi håper at det skjer raskt, situasjonen er uhaldbar, seier Søvik.

Følgjer ikkje direktesendingane frå jobben

Lars Tenerud

Aministrerande direktør Lars Stenerud hos bedrifta Plasto seier folk følgjer med, men er avslappa.

Foto: privat

Også hos bedrifta Plasto er dei opptekne av fjellet Mannen, men ingen går ifølgje direktøren rundt med headset for å høyre nyheiter, eller følgje direktelinkar.

- Vi følgjer med, men folk er veldig avbalanserte. Eg trur dess nærare folk er, dess meir avslappa er dei også, seier administrerande direktør Lars Senerud.

- Det er jo spennande, og litt skummelt på sett og vis, seier han.

Trur ikkje fjellet rasar måndag

Hos bedrifta Wonderland AS er ein del av dei tilsette skeptiske til at det kjem til å skje noko måndag.

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet Mannen viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri

– Vi trur ikkje han ramlar ned. Han har stått i hundretusenvis av år, då står han vel litt til, seier hovudtillitsvald Jarle Kavli frå lunsjpausen.

– Men trur ikkje de ekspertane veit kva dei snakkar om?

– Nei, vi gjer vel i grunn ikkje det. Fjellet skulle jo rase i går, det står jo endå. Så skulle det rase i dag. Det har alltid vore sprekkar i fjellet, at det skulle kome no, det har ikkje vi veldig tru på, seier Kavli, som vidareformidlar kommentarar frå dei som sit rundt lunsjbordet.

Forstår at folk er redde

Trass i at ikkje alle set like stor lit til ekspertane, forstår Jarle Kavli at folk er uroa over det som no kjem fram.

– Det kan ikkje vere behageleg å bu under Mannen. Dersom eg høyrde at han skulle rase, ville eg også blitt redd. Men det har jo budd folk der i 100 år, seier han.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.