Hopp til innhold

Ventar høgare avgift grunna EU

Folk på Nordmøre må bu seg på langt høgare renovasjonsavgift. Det interkommunale renovasjonsselskapet må investere stort for å møte dei framtidige EU-krava til gjenvinning. Hilde Ø. Harstad, som er dagleg leiar i Nordmøre interkommunale renovasjonsselskap (NIR), seier dei må meir enn doble gjenvinninga innan 2030. Noko som er ei stor og kostbar utfordring.

Hilde Ø. Harstad
Foto: Eirik Haukenes / NRK