Bygder isolerte på grunn av skred og skredfare

Det er stor snøskredfare og raudt farenivå fleire plassar i landet. Fleire bygder er isolerte og snøskredvarslinga ventar at det vil gå fleire svært store skred.

Beredskapsferje Geiranger

BEREDSKAP: Ei rasferje er sett inn mellom Geiranger og Hellesylt.

Foto: Ola Une Ferstad Liland

– Vi fekk melding i går om at vegen kunne bli stengt på grunn av snøskredfare, og då tok vi valet om å halde ungane heime, seier Elin Ulateig Austigard.

Ho er no ein av om lag 60 personar i bygda Eikesdal i Romsdal som er isolerte på grunn av snøskred og fare for større skred.

– Det har gått eit skred over vegen, og den blir ikkje opna igjen no når det er mørkt. Vi gjer ei ny vurdering torsdag morgon når vi ser kva som heng oppi fjellsida, seier beredskapsleiar i Molde kommune, Jørgen Nordheim

Sjekk snøskredvarselet her: Snøskredvarsling - Varsom

Har beredskapsheimar

Dei seks skuleborna i Eikesdal har beredskapsheimar på andre sida av den skredutsette vegen slik at dei kan overnatte der dersom skreda går medan dei er på skulen.

Men onsdag valde alle å halde ungane heime, og dermed er dei isolerte fram til vegen opnar att.

– Det er det einaste verkemiddelet vi har så lenge det ikkje blir tunnel. Vi visste jo kva vi gjorde då vi flytta hit, men vi har ein klump i magen når vi sender ungane den vegen, spesielt når det regnar mykje eller det har kome mykje snø. Då er det fare for liv, seier Elin Ulateig Austigard som har døtrene Ella Tonette (2) og Emma Torine (7).

Ella Tonette Ulateig Austigard (2), Emma Torine Ulateig Austigard (7 ) og mor Elin Ulateig Austigard.

Ella Tonette Ulateig Austigard (2), Emma Torine Ulateig Austigard (7) og mor Elin Ulateig Austigard.

Foto: Stein Kåre Ulateig Austigard

Ventar svært store skred

Snøskredvarslinga til NVE følger nøye med på situasjonen. Store nedbørsmengder kombinert med stigande temperaturar kan gi svært store skred i løpet av natta.

– Vi ventar at det har gått fleire store skred i morgon når vi vaknar, seier Tommy Skårholen, vaktleiar på snøskredvarslinga NVE.

Farenivået er på raudt i Møre og Romsdal, Trøndelag og indre Fjordane. Det er venta meir nedbør og meir vind, så skredfaren her vil vare ved torsdag. Samtidig er det også betydeleg snøskredfare i resten av landet.

– Enkelte skred kan bli svært store når forholda er slik, og vi ser jo at dei alt har nådd vegar, seier Tommy Skårholen.

Har sett inn beredskapsferje

I Geiranger blei fylkesvegen også stengt onsdag på grunn av skredfare. Dermed var turistbygda isolert, men onsdag ettermiddag kom beredskapsferja til Hellesylt på plass. Lisa Muren Mjelva (15) er glad for at dei no kan kome seg ut av bygda sjølv om alle vegane er stengde.

Lisa Muren Mjelva

Lisa Muren Mjelva og islandshesten Riddari.

Foto: Privat

– Det er veldig bra at ferja blir sett inn. Det er absolutt nødvendig, og det var på høg tid. Sjølv har eg hest i nabobygda Valldal, og blir no avhengig av rasferja for å kome meg dit. Det er også mange som pendlar til jobb og aktivitetar, fortel ho.

Lisa Muren Mjelva fekk i dag eit godt bevis på at snøskredfaren er stor då ho sat og gjorde lekser.

–Eg sat og las i ei samfunnsfagbok då eg såg snøen datt ned fjellsida. Så tok eg fram mobilen og filma, men eg såg det ikkje var stort nok til å nå vegen, seier ho.

Snøskred i Geiranger i dag filma av Lisa Muren Mjelva.

Ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, håper vinteren blir mild, slik at folket i Geiranger slepp å bli isolerte så ofte.

– Men så lenge vi ikkje har skredsikre vegar til byga, vil dette bli eit problem, seier han.