Hopp til innhold

Ventar 50-100 prosent trafikkauke

Laurdag ettermiddag vart den siste bompengebrikken brukt gjennom Eiksundsambandet på Søre Sunnmøre.

Statsråden avsluttar bompengeperioden på Eiksundsambandet

Sjå statsråden avslutte bompengeinnkrevjinga ved Eiksundtunnelen. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Seks og eit halvt år etter opninga i februar 2008 er det gratis å køyre gjennom den djupe tunnelen og sambandet for øvrig som knyter øykommunane på Søre Sunnmøre saman med den indre regionen Ørsta og Volda. Med Kvivsvegen eitt hundre prosent på plass med den offisielle opninga av Hjartåbergtunnelen i dag er det ein region på 60-70 000 menneske som er knytte saman.

100 prosent auke ?

Nils Taklo om Eiksundsambandet

Nils Taklo ventar opp til 100 prosent trafikkauke. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Alle reknar med at den vanvittige trafikkveksten kjem til å halde fram no når det vert gratis. Vegvesenet trur på 50 prosent auke, men både Nils Taklo som er styreleiar i Eiksundsambandet AS og samferdeselsminister Ketil Solvik-Olsen trur veksten vert endå større. Taklo trur det kan verte så mykje som 100 prosent auke i trafikken på sikt no når bompengane er borte.

Knut Nærø om Eiksundsambandet

Knut Nærø seier dette er ein historisk dag. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Også den gamle Eiksundgeneralen, Knut Nærø, var på plass i dag. Godt over 90 år gammal fekk han med seg det som var endå eit høgdepunkt for den gamle veghøvdingen. Han var sentral då Herøybrua kom midt på 70-talet og var ein pådrivar i mange år for å få på plass Eiksundsambandet.

At han skulle få leve så lenge at han fekk oppleve også denne dagen hadde han ikkje trudd, seier han til NRK.

Sette kryss over skiltet

Ketil-Solvik Olsen om Eiksundsambandet

Statsråden har god tru på Eiksundsambandet. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Avslutninga av bompengeperioden vart markert ved at samferdselsministeren sette eit kryss over bompengeskiltet med oransje tape. Samtidig slo vegevesenet av systemet som registrerer bompengebrikkene.

Seks og eit halvt år med bompengar på det som skulle vere 15 år. Ikkje rart at sola skein i kapp med smørblide sunnmørsfjes i dag, både ved Eiksundtunnelen og ved Hjartåbergtunnelen litt tidlegare på dagen.

Den eine etter den andre av tidlegare ordførarar og ein tidlegare samferdselsminister dukka også opp i solskinet. I tillegg til mange av brukarane av sambandet som har betalt gildet. Blant desse var Ottar Kaldhol (ex Ulstein-ordførar), Gudny Fagerhol (ex Ørsta-ordførar) og Ragnhild Aarflot Kalland (ex Volda-ordførar). I tillegg til den tidlegare statsråden Kjell Opseth.

Knut Nærø saman med den gamle statsråden Kjell Opseth

Knut Nærø saman med den gamle statsråden Kjell Opseth

Foto: Arne Flatin / NRK

Nils Taklo som er styreleiar i Eiksundsambandet AS og også tidlegare ordførar i Ørsta trur næringslivet sin bruk av flyplassen i Hovden er ein viktig grunn til trafikkveksten og at nedbetalinga har gått så fort. I tillegg legg han vekt på sjukehuset og høgskulen i Volda.