Hopp til innhold

Venta 5000 med byttelapp

Var genseren du fekk av mor for liten? Mobiltelefonen av feil merke, eller boka for keisam? Då er du i selskap med svært mange andre.

John Willy og Alexander Skulstad

John-Willy (t.v) skulle bytte to innebandy-mål tredje juledag. Han tok dei med til XXL og Alexander Skulstad for å få ein tilgodelapp. John-Willy var ein av mange som tok turen til Anfi Moa for å bytte julegåver tredje juledag.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Artikkelen er endra etter publisering av omsyn til dei omtalte.

På Amfi Moa i Ålesund var det folksamt under årets største byttedag.

Salsplakatane lyser mot alle og einkvar som tek turen for å bytte julegåvene sine den første ordinære opningsdagen etter julaftan. For det er ikkje alt som fell i smak, sjølv kor god tanken var hos den som i utgangspunktet gav gåva.

Handelsstanden i Norge er heldigvis raus og let deg få lov til å bytte. For eigentlig har du ingen lovfesta rett til å bytte når det ikkje er noko gale med vara.

Ekstrem pågang

Stefan Giske, butikksjef XXL

Dagleg leiar ved sportsbutikken XXL, Stefan Giske, meiner tredje juledag er og blir ein dag der bytting av julegåver står i fokus.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

27. desember, eller tredje juledag, blir av mange sett på som årets største byttedag.

Ved Møre og Romsdal sitt største kjøpesenter, Amfi Moa, var det tredje juledag stor pågang for å bytte julegåver.

Dagleg leiar ved sportsbutikken XXL, den største butikken i kjøpesenterkomplekset, meiner tredje juledag er ein høgst uvanleg dag samanlikna med andre.

– Pågangen er ekstrem. Det er den dagen i året vi har absolutt flest besøkande, seier Stefan Giske.

– Frykteleg mange varer

Stefan Giske fortel at dei har auka bemanninga betrakteleg, nettopp med tanke på den store tilstrøyminga.

– Vi forventar at mellom 5.000 og 6.000 kundar vil komme innom oss i løpet av dagen. Om ein tenkjer at desse gjennomsnittleg byttar ei til to varer kvar, så er det berre å gonge opp. Det blir frykteleg mange varer, seier Stefan Giske.

Bytterett

Slike plakatar florerar det av på kjøpesenteret. Her poengterer ein av klesbutikkane at kundane har full bytterett, i tilfelle media sine oppslag dei siste dagane kan ha vore forvirrande.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Giske fortel vidare at han har lært frå i fjor til i år, og med det siktar han til ei auke i bemanninga tredje juledag. Tre ekspeditørar, mot to i fjor, stilte seg opp utanfor den enorme butikken, slik at bytting av gåver skulle gå så raskt som mogleg.

– Utan ekstra mannskap hadde vi ikkje klart å ta i mot så mykje som vi gjer.

Fekk for små innebandy-mål

John-Willy stod i kø ei god stund før han kom fram til ekspeditøren. Der løfta han opp to innebandy-mål på disken som han gjerne ville bytte.

– Det viste seg at dei rett og slett er for små for mitt bruk. Eg spelar innebandy minst éin gong i veka, men eg vil ha litt større mål, fordi dei eg fekk blir litt for vanskelege å treffe på avstand.

Byttelappar

John-Willy Sæthre Græsdal har mykje å rekke over tredje juledag, og viser gladeleg fram bunken med byttelappar.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Ikkje alle varer er like enkle å bytte, men John-Willy var heldig i dette tilfellet.

– Eg var i grunnen litt spent, men ekspeditøren berre tok måla utan å seie noko, så då gjekk det nok fint, seier John-Willy Sæthre Græsdal avslutningsvis.

– Folk har alt i dag

Lisbeth Drønnesund var på julehandel på Moa tredje juledag, saman med dottera og barnebarnet.

– Eg hadde ikkje så mykje å bytte. Ei bok måtte eg likevel levere inn, for den hadde eg lest frå før, seier Lisbeth med eit smil om munnen.

Nettopp det trur ho er hovudgrunnen til at så mange nyttar tredje juledag til å bytte.

– Folk har det meste i dag, så det er veldig vanskeleg å finne noko som passar for den enkelte. Difor er det så greit at ein i dei fleste tilfelle får bytte til noko ein verkeleg treng eller har lyst på, seier Lisbeth Drønnesund.

Lisbeth Drønnesund

Lisbeth Drønnesund (t.h), var på julehandel med dottera og barnebarnet, og fekk sjølv bytta ei bok ho hadde frå før. Ho meiner at det er svært vanskeleg å finne noko som passar for kvar enkelt, og at det difor er mange som vel å bytte julegåver tredje juledag.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK