NRK Meny
Normal

Vellukka terreng-NM i Rindal

I fantastisk flott haustvêr arrangerte Rindal IL noregsmeisterskap i terrengløp i helga. Arrangementet blei ein suksess for både utøvarar og klubben.

Rindal terreng NM

Seniorklassen blei vunnen av Senay Fissehatsion med broren Okubamichael Fissehatsion på andre og Sondre Nordstad Moen på tredje plass.

Foto: Jon Storholt

Både utøvarar, publikum og arrangørane storkosa seg i sola i Rindal i helga. Stemninga var på topp og alt fungerte etter planen.

– Det har gått fantastisk bra. Vêret var godt og det var deltakinga også. Alt har fungert svært godt, seier arrangementsleiar Tor Jarle Bolme.

Arrangementet har stor betydning for klubben Rindal IL. No kan det ligge endå betre til rette for å kaste seg over liknande oppgåver i framtida.

– For oss er det stas at arrangementet har gitt blest om bygda. Vi som arrangørar får også heva kompetansen og vi legg lista høgare for oss sjølve. Og denne kompetansen skal vi ta med oss vidare til nye arrangement, seier Bolme.

NM terreng

Det var god deltaking i NM i terrengløp i Rindal.

Foto: Jon Storholt

I herreklassa var det Tjalve-løparane Senay og Okubamichael Fissehatsion som tok dei to første plassane. OL-deltakar Sondre Nordstad Moen kom på tredjeplass. Han har i første rekkje trent maraton, og klarte ikkje henge med i innspurten.

– Eg hadde ikkje noko å køyre med på slutten. Løypa er slik at du må jobbe ein del. Ein kan bli lurt til å tru at ein spring på ein grusveg. Men det er myr under. Det gir litt etter, så det er noko tyngre, seier Sondre Nordstad Moen til NRK.

Det var elles noko tilløp til dramatikk då vinnaren Senay Fissehatsion kasta trøya like før målgang. Trøyekastinga førte til at han ikkje hadde på seg startnummer då han passerte mållinja.

Juryleiar Stein Kalstad stadfester overfor Adresseavisen at han hadde vore nøydd til å diskvalifisere vinnaren om det hadde kome inn protest. Sondre Nordstad Moen sin klubb Vidar vurderte dette, men valde å la vere.

Kvinneklassen blei vunnen av Maia Sagnes Wågan frå Namdal løpeklubb.

– Eg var svært godt fornøgd med løpet. Sesongen har vore svært bra, og no blir det mykje trening framover, seier ho til NRK.

Maja Sagnes Wågan

Maja Sagnes Wågan vann

Foto: Jon Storholt