Hødd handball jobbar for å arrangere ei firenasjonarsturnering i juli neste år, same året som handballgruppa i klubben feirar 70 år.
Trenaren er positiv
Klubben er i dialog med handballforbundet, og landslagstrenar Thorir Hergeirsson har allereie uttalt seg positivt om arrangementet i media. Styret i handballforbundet tar ei endeleg avgjerd neste månad.
Seier dei ja, og alle detaljar fell på plass, så kjem altså damelandslaget til Sunnmøre for å spisse OL-forma. Kven som eventuelt blir motstandarar blir avgjort i løpet av vinteren og våren.
Kan bli fire storlag
– Vi håpar å få vere vertskap for dei aller beste handballnasjonane i verda, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball. Saman med nestleiar Lise A. Ulstein og resten av klubben håpar dei at ei oppkøyring til Brasil-OL kan skape ei spanande ramme rundt jubileet.
Møller håpar vidare på eit samarbeid med dei andre handballklubbane på Sunnmøre, og også med sponsorar, kommune og fylke. For sjølv representerer han ein liten klubb, som rett nok opplever auka rekruttering. Hødd handball har to seniorlag for kvinner, eit for menn, og flest på aldersbestemte nivå. Totalt er det nær 200 aktive spelarar.