NRK Meny
Normal

Vel 100 deltok i statsborgarseremoni

I helga blei det arrangert fest for 112 nye statsborgarar på Sunnmøre. Fylkesmannen stod for den offisielle og høgtidelege statsborgarseremonien.

Statsborgarseremoni i Ulstein

Her er dei 112, store og små, som var med på Statsborgarseremonien i Ulstein.

Foto: Elin Røshol

Under seremonien ved Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik blei statsborgarane registrerte før innmarsj. Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste ønskte velkomen før fylkesmann Lodve Solholm helt tale for dei nye statsborgarane.

Dei på si side sa samla fram Troskapsløftet, før det var utdeling av gåvebok og rose.

I år blei seremonien i Møre og Romsdal delt i to, slik at alle frå sunnmørskommunane var inviterte til Ulsteinvik. 112 nye statsborgarar sa ja takk til å vere med. Dei kjem frå 29 land og representerer 13 av dei 17 kommunane på Sunnmøre.

Av desse kjem 68 frå Asia, 22 frå Afrika, 11 frå Europa, 10 frå Sør-Amerika og ein frå Nord-Amerika.

Dei fleste av desse, 41 personar, har tilhald i Ålesund kommune, medan 18 bur i Volda og 11 i Haram.