Hopp til innhold

Vekstpause i oppdrettsnæringa for å betre framtida

Samstundes som oppdrettsnæringa har vakse seg til ein betydningsfull bransje har næringa slite med lus og sjukdomar. Det siste året har veksten stoppa mens forsking for framtida er intens som aldri før.

Oppdrett laks

Slik boltrar laksen seg i mærdane. Det siste året har produktiviteten vore svekka, medan prisane og innovasjonen har vore høg.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Prisane på laks har vore høge det siste året. Men produktiviteten har vore lågare enn normalt. Etter fleire år med store utfordringar har fokuset auka på innovasjon, forsking og utvikling medan veksten har bremsa.

– Det store fokuset på innovasjon dei siste åra er veldig spennande. Det er mange studentar som vil vere med på denne bølgja, seier Marianne Wethe Koch som er i full gang med studiar innan oppdrettsnæringa.

Erlend Thingvold Østgård, Marianne Wethe Koch, Ingunn Sjøvang Maurset og Marit Liaklev

Erlend Thingvold Østgård, Marianne Wethe Koch, Ingunn Sjøvang Maurset og Marit Liaklev er studentar ved forskjellige høgskular og universitet i Noreg. Og alle arbeider med prosjekt innan oppdrett.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Lakselusa er utfordringa

Produktiviteten i oppdrettsnæringa har vore rekordlåg det siste året. Bakgrunnen er i første rekkje kampen mot lakselusa.

– Verkemidla har hatt sin pris. Det har gått ut over biologien. Det har vore hyppige handteringar av laksen, mange svelteperiodar og svinn. Det har vore mange bremseklossar som har stoppa 2015-generasjonen laks i å kome opp på det nivået han burde vere, seier Anders Marthinussen i Kontali Analyse.

For å bli kvitt problemet med lakselus har Mattilsynet i fleire tilfelle kravd redusert produksjon i ei rekkje anlegg. Det har vore sterke miljøinitiativ og blant anna har det vore prosjekt der målet har vore å lage seglande oppdrettsanlegg på havet. Landbaserte oppdrettsanlegg har fått miljøprisar. Og langs heile kysten har forskingsfond og fylkeskommunar delt ut millionar til forsking som kan gjere oppdrettsnæringa både meir effektiv og meir miljøvenleg.

– Mykje forsking

Anders Marthinussen i Kontali Analyse karakteriserer 2017 som eit einaste stort forskingsprosjekt innan oppdrettsnæringa.

Anders Marthinussen

Anders Marthinussen i Kontali Analyse.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det har vore jobba i alle krikar og krokar med å handtere situasjonen som har vore. Leverandørane har sett på mange ulike system og aktørane har vore nøydde til å satse på det som har vore tilgjengeleg, blant anna for å halde seg innanfor grensene for tillate mengde lus, seier Marthinussen.

– Triggar ungdom

Éin effekt av den omfattande forskinga er at det ser ut til å bli auka merksemd på næringa blant ungdom som vil studere fag innan oppdrett.

– Det er mykje forsking på fôrteknologi blant anna. Og eg trur vi kjem til å sjå mykje meir satsing på matproduksjon i havet framover. Næringa har eigentleg ikkje vakse sidan 2012, og det er mykje pengar i næringa no. Det betyr at det også er mykje pengar til innovasjon og forsking. Då vil gjerne forskingsinstitusjonar og universitet kople seg på, seier student Mariann Wethe Koch.