Stoffet er utvikla i samarbeid med Sintef, og no har dei blitt kontakta av interesserte selskap i både Europa, Afrika, Australia og Sør-Amerika, seier dagleg leiar Kåre Roger Rødset.
Kan løyse forureiningsproblem
Sande-bedrifta Nor X har utvikla stoffet som får plast til å bli brote ned i naturen og forsvinne. Plastsøppel som ligg i naturen og forureinar er eit internasjonalt problem, og oppfinninga til Nor X kan vere løysinga, meiner dei.
Overraska over responsen
Då bedrifta med tre tilsette lanserte oppfinninga si i oktober i fjor, var det først og fremst til norske medium, men også i utlandet blei nyheita snappa opp. Kåre Roger Rødset var ikkje budd på responsen som kom frå utlandet i løpet av berre eit par veker.
– Du kan seie at vi blei tatt litt på senga.
Startar investorforhandlingar
Men det er ein del som står igjen før Nor X kan levere det utlendingane vil ha. Først må dei få papira som dokumenterer at stoffet deira verkeleg virkar slik dei seier, og ikkje minst må pengane på plass. Rødset seier dei manglar mellom 20 og 50 millionar kroner før dei kan starte sal av produktet.
Nor X er no klare til å gå inn i forhandlingar med 3-4 interesserte investorar, seier Rødset.
Kåre Roger Rødset fotografert under lanseringa av den nedbrytbare plasten i oktober. (Foto: Per Christian Dyrø)