Veit ikkje om barnet var til stades

Bistandsadvokat Peter Engebjerg seier han førebels ikkje veit om barnet til den drepne kvinna var til stades under drapet i går natt. Barnefaren er sikta for å ha tatt livet av henne som truleg er den tidlgare kona hans, og sit no i avhøyr. Engebjerg seier han førebels ikkje har fått tilgang til etterforskingsdokumenta, og ikkje kjenner detaljane i saka endå. Barnevernet har førebels tatt hand om barnet.