Hopp til innhold

Veit for lite om medikament

Helsepersonell veit for lite om smertestillande medikament, meiner Kristin Beate Skodjevåg.

Kristin Beate Skodjevåg

- VEIT FOR LITE OM SMERTESTILLANDE: Det meiner sjukepleiar Kristin Beate Skodjevåg.

Foto: Frieda Wik / NRK

Sjukepleiaren frå Skodje trur det fører til at døyande pasientar lir meir enn nødvendig.

- Manglande kompetanse i personalet har nok dessverre gjort at enkelte pasientar ikkje har fått den lindringa dei burde hatt på slutten av livet, seier ho.

- Må få verdig avslutning

Siv Torheim

FEKK HJELP: Siv Torheim fekk hjelp då mannen var sjuk. Du kan høyre henne fortelje i radioinnslaget i artikkelen.

Foto: Frieda Wik / NRK

Stadig fleire vel vekk sjukehuset når tida nærmar seg for å døy. Sjukepleiar Kristin Beate Skodjevåg meiner helsearbeidarar på små stader må lære meir om korleis dei skal pleie pasientar som berre har kort tid igjen.

- Når ikkje det er meir behandling å gi, må ein kunne få ei verdig avslutning på livet. Ein skal ikkje lide med smerte, kvalme, uro og angst, meiner Skodjevåg.

SMERTESTILLANDE-SEMINAR: Onsdag var det seminar for helsepersonell i Skodje. Der fortalde Siv Torheim at ho hadde god hjelp frå helsepersonell. Reporter er Frieda Wik.

- Må vite kvar grensa går

Skodjevåg meiner mange pasientar i dag får ei undøvendig tøff avslutning på livet, fordi sjukepleiarar og legar er usikre når det kjem til bruk av smertestillande.

- Me veit at om det blir for mykje, så kan pasienten døy. Det er skrekken som heile tida følgjer oss. Med meir kunnskap veit ein betre kvar grensa går, meiner sjukepleiaren.

Me veit at om det blir for mykje, så kan pasienten døy.

Kristin Beate Skodjevåg