Retten ser ikkje bort frå at selskapet har sjonglert med tal for å finne ein grunn til å bryte kontrakten.
Advokat Kåre Thorleif Claussen, som representerer Veidekke, vil førebels ikkje kommentere domen.
Kommunen kravde opphavleg åtte millionar kroner i erstatning, og vurderer å anke saka.
Braut kontrakten
Det har snart gått fire år sidan Haram kommune og Veidekke Eiendom inngjekk samarbeid om ny sjukeheim. Men hausten 2002 braut Veidekke kontrakten, og ba samstundes om å få nesten 400 000 kroner til dekking av utgifter i samband med planlegginga. Då Veidekke fekk avslag, gjekk dei til rettsak, og kommunen svarte med motsøksmål.
Kan ha sjonglert med tal
Veidekke får ikkje medhald i Sunnmøre Tingrett. I staden må dei betale Haram kommune ei erstatning på 800 000 kroner for ekstrautgiftene avtalebrotet medførte. Retten legg til grunn at selskapet har brote lojaliteten med kommunen, og ser ikkje bort frå at Veidekke kan ha sjonglert med tal for å finne ein grunn til å bryte kontrakten.