Hopp til innhold

Vegvesenet støyisolerte huset til Britt

Stadig fleire er plaga av støy frå bilveg forbi bustaden sin. Hos Britt Sorte, som bur midt i Ålesund sentrum, var trafikkstøyen så sterk at vegvesenet tok affære.

Britt Sorte

Inne i huset til Britt Sorte er det no stille, etter at vegvesenet blant anna skifta ut vindauga.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Eit steinkast frå innfartsvegen til Ålesund bur Britt Sorte. Sjølv om bilar og bussar susar inn og ut av byen er det stille på stova, så lenge vindauget er att. Slik har det ikkje alltid vore. For nokre år sidan var trafikkstøyen så kraftig at dei som besøkte Sorte ikkje kunne forstå korleis ho klarte å ha det slik.

– Når du bur slik må du finne deg i bråk, men det var ganske heftig, seier Sorte.

Isolerte huset

Tal frå Statens vegvesen viser at 1,4 millionar menneske er utsett for trafikkstøy. Kvart femte år kartlegg Statens vegvesen innandørs støy frå riks- og fylkesvegar, og lager prognosar fem år fram i tid. Det var under ei slik kartlegging det kom fram at det var altfor mykje støy i huset til ålesundskvinna. Vegvesenet sende brev til Sorte om funna, og det vart lagt ein plan for korleis huset best mogleg skulle sikrast mot trafikkstøy.

– Dei skrella alt utvendig, inn på tømmeret, og isolerte, det vart sett inn doble gipsplater og vindauga vart skifta, seier Sorte.

Forstyrrar søvnen

Dei mest alvorlege plagene frå trafikkstøy er søvnforstyrringar. Andre kan vere plaga med hovudpine og kjensle av å vere trøytt. Forureingslova krev at vegeigar gjer tiltak dersom støyen frå riks eller fylkesveg i snitt er over 42 desibel innandørs.

– Dersom grenseverdien på 42 desibel er overskriden vil alle få tilbod om tiltak. Det må bu folk i huset og huseigar kan måtte betale litt sjølv, dersom det vert oppdaga råteskader, seier senioringeniør Torunn Moltumyr i Statens vegvesen.

Etter runda i 2012 brukte vegvesenet om lag 20 millionar kroner på støytiltak i Møre og Romsdal.

Ofte tar folk kontakt med Statens vegvesen, fordi dei føler seg plaga av støy. Når målingane vert gjort, er det ikkje alltid dei viser at støyen er høgare enn tillate.

– Støy er subjektivt, seier Moltumyr.

Britt Sorte

Britt Sorte tenkte ikkje så mykje over støyen i huset, før ho fekk brevet frå Statens vegvesen.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

LES OGSÅ:

Glad i byliv

Britt Sorte likar lyden av folk i byen, men er glad for at ho kan velje å stenge støyen ute. Målingane til Statens vegvesen viste at støyen innvendig vart langt over grensa på 42. No ligg det på 36, sjølv om bybussen køyrer forbi.

– Det er herleg å ha det stille. Det er godt å bu i byen og få fred. Det brevet frå vegvesenet var reine vitamininnsprøytinga, seier Sorthe.