Hopp til innhold

No opnar ein av landets farlegaste vegar igjen – bygdefolket fryktar nye skred

Reidun Otterdal var berre minutt unna å bli tatt då store steinar dundra i bakken. No ber ho om at vegen blir sikra før det går alvorleg gale.

Ras Otterdalsvegen, Reidun Otterdal.

Reidun Otterdal visste ikkje sjølv kor nær ho var å bli treft av dei store steinane då ho køyrde på jobb tysdag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Reidun Otterdal skulle på jobb på barnehagen i Hornindal tysdag morgon, då store steinar dundra ned ei av dei bratte fjellsidene på Sunnmøre. Ho slapp så vidt unna og forstod ikkje før etterpå kor nært ho var å bli tatt.

– Vi er mest bekymra for andre som ferdast her. Det er utriveleg å køyre her når det er dårleg ver og mørkt, seier ho.

Fembarnsmora bur i bygda med tenåringsgutar, mann og mor. Totalt bur 11 menneske i Otterdalen. Dei veit aldri når steinblokkene raserer vegen på nytt.

Ras i Otterdalsstranda.

Det var lett å sjå skredet frå lufta i ettertid. Fleire personar var like ved å bli tekne.

Foto: Arve R. Nes Sleveland / Møre og Romsdal fylkeskommune

– Mange som ikkje skjønar

I ettermiddag opna vegen igjen etter å ha vore stengd i fire dagar. Sist gong gjekk det to år, etter at orkanen Dagmar hadde herja langs Hornindalsvatnet.

Nesten dagleg plukkar bygdefolk vekk stein for å kunne køyre vegen. No ber bygdefolket om pengar til utbetring, før det går alvorleg gale.

Jenny Følling (Sp) er leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe. Ho seier at det er ein tung jobb å få fokus på nasjonalt.

Vegen til Otterdal 31.12.11

Vegen til Otterdal blei vaska vekk under orkanen Dagmar 31. desember 2011. Den gongen blei vegen stengd i to år.

Foto: Magne Otterdal

– Ras er stort sett eit problem langs kysten frå Rogaland og nordover. Det mange i resten av landet som ikkje skjønar korleis det er å vere avhengig av ein rasfarleg veg, sa ho til NRK tidlegare denne veka.

Følling seier kartleggingar viser at det er behov for 71 milliardar til rassikring i Noreg dei neste åra. Ho etterlyser ei tredobling av overføringar til fylka.

Jenny Følling

Jenny Følling er leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe. Ho anslår at det er behov for over 70 milliardar kroner til rassikring dei neste åra. Og at det er vanskeleg å få forståing for nasjonalt.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Rekna for å vere blant dei verste

Vegstubben på 4 kilometer på bortsida av Hornindalsvatnet er den nest mest rasfarlege strekninga i landet. Det slo Statens vegvesen fast i 2020.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen omtalar den 4 kilometer lange vegen som svært rasfarleg, og seier tunnel er det einaste sikre. Likevel har fylkespolitikarane ikkje sett av ei krone til rassikring dei neste ti åra.

– Vi i bygda her har hjartet på rette staden. Når vi køyrer vegen utover, har vi hjartet i halsen, seier Magne Otterdal, som også bur i bygda.

Han seier han er mest uroleg over at vegen stadig blir trafikkert av dei som leverer post, skuleskyss, entreprenørar og turistar.

Magne Otterdal

Magne Otterdal seier dei som bur i bygda brukar vegen, men har hjartet i halsen.

Foto: privat

Ber statsråden om pengar

No får samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) spørsmål om kva han vil gjere for å sikre pengar til vegen. Tidlegare denne veka varsla stortingsrepresentant Mona Fagerås (SV) at ho vil stille spørsmål om dette i Stortinget. Ho ventar at Senterpartiet vil prioritere dette, framfor utbygging av store motorvegprosjekt.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) mener det er åpenbare fordeler med å velge kollektivt over el-biler.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård får no spørsmål om pengar til den rasfarlege strekninga.

Foto: Pål Hansen / NRK

Reidun Otterdal håper på at det kjem ein tunnel til dei 11 innbyggarane i bygda om ikkje alt for mange år. Og før det skjer ei alvorleg ulykke.

– Vi har eit ønske og eit håp om at vegen blir sikra. Vi plukkar stadig vekk stein frå vegen. Samtidig har vi valt å bu her, så det må vi berre forhalde oss til, seier ho.

Magne Berge opnar bommen

Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune opna bommen til Otterdalen laurdag ettermiddag.

Foto: Magne Otterdal