Hopp til innhold

Vegvesenet la seg på hjul etter dette vogntoget

– Lasten var forskjøve og det såg ganske ille ut, seier Frank Sandvik i Statens vegvesen. Sjåføren hadde ikkje oppdaga feilen.

Vogntog med skeiv last

Statens vegvesen frykta at lasten kunne ramle av eller tilhengaren skulle velte og køyrde etter vogntoget.

Foto: Statens vegvesen

Måndag vart vogntoget med trelast frå Gudbrandsdalen stansa av Vegvesenet. Dei hadde kontroll på Horgheim i Romsdal, men tok tilfeldigvis ei pause i Åndalsnes sentrum då dei fekk auge på vogntoget. Kontrollørane la seg på hjul etter sjåføren og fekk stansa køyretyet.

– Lasten hang ut på høgre side av tilhengaren og i verste fall kunne hengaren ha velta. Det såg ille ut, seier Sandvik til NRK.

Takknemleg for å bli stansa

Lastebil med forskjøve last

Vogntoget var fullt av trelast, men var ikkje godt nok sikra.

Foto: Statens vegvesen

Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.

Sjåføren hadde ikkje oppdaga at lasten hadde forskjøve seg og var takknemleg for å bli stansa. Han lasta om og fekk køyre vidare til Sunnmøre utan å bli meld til politiet.

– Sjåføren hadde gjort gode forsøk på å sikre lasten og var audmjuk og glad for å bli stansa, seier Sandvik.

I løpet av dei to siste dagane har ni vogntogsjåførar fått køyreforbod under kontroll i Romsdal.