Hopp til innhold

Håper nytt regelverk vil skjerpe utlendingane

Snøen er her igjen og det same er utanlandske vogntog som køyrer seg fast på vintervegane. No håper Statens vegvesen at at nye dekk-krav vil skjerpe utlendingane ein gong for alle.

Ørskogfjellet kontroller statens vegvesen

Statens vegvesen gir gebyr til vogntog som ikkje følgjer dei nye krava om vinterdekk. Bildet er teke på Ørskogfjellet på Sunnmøre i desember 2012.

Nyleg kom det nye krav som tilseier at dekka til tunge køyretøy skal ha minst fem millimeter mønsterdjupn.

Runar Inge Larsen, som er fagleiar for tungbilkontroll i Statens vegvesen, håper det nye regelverket kan hindre kaos på vintervegane.

– Om førarane dessutan er flinke til å legge på kjetting når forholda krev det, så trur vi at det kan bli betre sjølv om det kanskje ikkje såg slik ut under det første snøfallet i går, seier Larsen.

Vegvesenet har delt ut mange gebyr for dårlege dekk dei siste dagane, og Larsen ber lastebilsjåførane vere på vakt.

– Vi har ein intensiv kontroll opp mot regelverket og det har vore avdekka ein del avvik. Det kjem vi til å følgje opp vidare, seier han.

Fagleiaren understrekar at det nye regelverket gjeld for alle som køyrer i Noreg, og vil dermed også gjelde dei utanlandske vogntoga.

Vogntog sperrar vegane

Fleire stadar i landet og i fylket slit vogntoga på vinterføret. Snøen kom brått på for mange sjåførar som blei ståande bom fast langs fleire vegstrekningar.

Tysdag kveld stod heile ti vogntog stod fast på E39 ved Valsøya på Nordmøre. Søndag ettermiddag kom ei ny melding om at det nordgåande køyrefeltet ved Valsøybrua er sperra på grunn av eit vogntog med problem.

– Dette skjer kvart år når det er vinter, seier Geir Andersen i Møre bilberging. I går kveld var han ute på fleire redningsoppdrag på Strandafjellet og Stavsengfjellet på Sunnmøre.

Slit med utlendingane

Andersen seier det er ofte er dei utanlandske vogntoga som skapar trøbbel.

– Dei utanlandske førarane er ikkje så vande med norske vintervegar som dei som køyrer her ofte er. I tillegg har mange av dei utanlandske køyretøya anna oppbygging og andre dekk som gjer at dei ikkje er så eigna til å køyre på vintervegar, seier han.

Andersen seier det ofte er vanskeleg når det oppstår situasjonar med utanlandske vogntog som ikkje har forsikring.

– Dei er ikkje så gode å forstå og det vert lett kommunikasjonsproblem. Eg og mine kollegaer vegrar oss svært for å vere borti desse bilane, seier han.

– Eg synest det er urimeleg at dei utanlandske sjåførane skal få hjelp nær sagt gratis, medan kundane våre må betale for forsikring og redning når dei har problem, legg han til.

– Ein lang veg å gå

Ifølgje sjefingeniør Ivar Hol i Statens vegvesen at sjølv om det også finst syndarar blant dei norske sjåførane, så er dei utanlandske sjåførane overrepresenterte i statistikken.

Han seier ein lenge har prøvd å finne løysingar på problemet med dei dårleg skodde vogntoga og håper no dei nye dekk-krava vil hjelpe på.

– Vi har sett ei betring, men problemet er ikkje løyst. Dei utanlandske sjåførane som køyrer mykje på norske vegar er flinke til å tilpasse seg forholda her, men så kjem det ein og annan luring som ikkje kjenner dei norske vintervegane.

Hol seier ulike tiltak har blitt prøvd.

– Vi har kontrollar på grensene, men dei greier berre å kontrollere ein liten del. I tillegg har vi i Statens vegvesen folk som køyrer rundt og gjennomfører kontrollar, men desse klarer også berre å ta unna ein liten del, seier han.

– Det finnast også informasjonsbrosjyrar på fleire språk som vert delte ut på grensene, men vi når ikkje på langt nær alle med dei heller. Vi har ein lang veg å gå, seier legg han til.