Hopp til innhold

– Mangel på fagfolk kan forseinke vegprosjekt

Statens vegvesen har enorme oppgåver i årevis framover. Men dei slit med å skaffe fagfolk til å gjere alle jobbane.

Berit Brendskag Lied

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied seier at kampen om fagfolk er kontinuerleg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Statens vegvesen har store utfordringar i regionen med å skaffe fagfolk – både ingeniørar og byggeleiarar. Størst er vanskane med å skaffe fagfolk til vedlikehald, men også til alle dei store samferdselsprosjekta som skal planleggast, seier regionvegsjef Berit Brendskag Lied.

– Vi ser at vi har dei same utfordringane som mange andre. Det er underskot på teknisk kompetanse i Noreg. Det at vi ikkje klarer å rekruttere nok folk kan forseinke fleire viktige prosjekt, seier regionvegsjefen som vil gjere vegvesenet attraktivt.

Dei eldre legg inn årane

Ho meiner at dette ikkje vil stoppe opp vegprosjekt enno, men det er eit generasjonsskifte på gong i vegvesenet. Mange som er erfarne innan vegbygging og vedlikehald skal erstattast og det i eit land med stort underskot på ingeniørar.

Når vi først klarer å rekruttere fleire så opplever vi at dei blir hos oss lenge

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied

Størst er vanskane med å skaffe fagfolk i Molde og Steinkjer. Der er konkurransen hard med lokal industri, og regionvegsjefen innrømmer at denne kampen betyr lønnspress.

– Vegvesenet har behov for dyktige arbeidarar i mange år framover, og vi har mange spennande prosjekt som står på vent. Lønnsnivået er høgare hos enkelte private bedrifter enn det er hos oss. Men vi har gjort mykje når det gjelder dette i det siste.

– Dei tilsette trivst hos oss

Ho fortel at denne konkurransen er mindre no enn før. Lied seier at dei jobbar hardt med å rekruttere fleire, og at dei kan freiste med gode resultat på trivselsundersøkingar.

– Når vi først klarer å rekruttere fleire så opplever vi at dei blir hos oss lenge.