Vegsundbrua open

Brua er open for trafikk igjen etter ulukka på Eidsnes på Sula i ettermiddag, melder Vegtrafikksentralen. Politiet skriv at hendinga skal ha skjedd på grunn av brot på vikeplikta. Førarkortet til den det gjeld er beslaglagt. To av dei fire involverte er tekne med av ambulanse.