Hopp til innhold

Vegskifte skapar splid

Eit vegval skapar harme i Tingvoll. Årsaka er at ingen vil ha nye riksveg 70 nær seg. I dag blei det avgjort kor vegen skal gå.

Veivalg skaper harme i Tingvoll. Ingen vil ha nye riksvei 70 nær seg, men i dag ble et valg gjort.

Omlegginga av riksveg 70 mellom Tingvoll og Meisingset skaper sterke kjensler – og folk i Meisingset er langt frå einige om kvar vegen bør gå. Torsdag skulle kommunestyret i Tingvoll bestemme seg for kva av dei to alternativa dei ville gå for.

Nils Egil Halle og Arne Halle ser på kartet

KART: Nils Egil Halle og Arne Halle viser på kartet kor vegen kan gå.

Foto: Eirik Haukenes / Nrk

Før møtet starta stod det mange spente personar utanfor kommunestyrelokalet i Tingvoll.

Begge partane var representerte, men ingen av dei ville ha den nye vegen i bakgarden sin.

På eit kart viser Nils Egil Halle kor det eine vegalternativet vil ligge.

– Far min bur i det huset som ligg midt i mellom vegen, så det vil ha store konsekvensar for han, seier Nils Egil.

Eit alternativ som far Arne Halle håpte han fekk sleppe.

– Eg vil helst ikkje at vegen skal gå der, så no er eg spent på resultatet, seier Arne.

To alternativ

To alternative vegval for Riksveg 70 mellom Tingvoll og Meisingset var klistra på veggen da kommunestyret i Tingvoll møttest i dag. Det eine alternative ramme Halle og deira naboar. Den andre ramme andre bebuarar på Meisingset.

Peder H. Aasprang

VANSKELEG: Ordførar i Tingvoll Peder H. Aasprang (Sp) innrømmer at vegsaka har vore ei vanskeleg sak.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

Spent sat dei to partane å følgde med på møtet. Og da siste ord var sagt, var det klart kven som samrøystes var tauende part, nemleg Halle og deira naboar. Dei var tydeleg skuffa over resultatet.

Ordførar i Tingvoll Peder H. Aasprang (Sp) innrømmer at vegsaka har vore ei vanskeleg sak.

– Det er klart at når du er inne i saker som påverkar andre sine interesser og eigedomar, så er det krevjande, seier Aasprang.

Frustrert

Ute på trappa var frustrasjonen til Halle og naboane tydeleg.

– Vi reagerer mykje på dei argumenta som Statens Vegvesenet og delvis andre også brukar for å framheve alternativ ein. Vi har stadig påpeikt feil i den argumentasjonen, men det verkar som om vi ikkje blir høyrt, seier Nils Egil Halle.

Etter planane skal den nye vegen gå rett gjennom huset til Arne Halle. Sjølvsagt dersom det kjem nok pengar. Familien Halle er skuffa over utfallet, men ordføraren i Tingvoll meiner at dei har gjort eit vedtaket på eit godt grunnlag.

– Ja, det vil eg seie. Det er eit omstendeleg arbeid som har vore gjort, meiner Aasprang.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL