Hopp til innhold

Vegring mot vaksine

Mange gravide vil ikkje ta vaksine mot svineinfluensa trass i at styresmaktene rår dei til å stille seg først i køen.

Video nsps_upload_2009_10_8_21_43_20_3578.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange gravide er mellom dei som vegrar seg mot vaksinen. Sjå video over.

Mange usikre

Mange gravide i vegrar seg mot svineinfluensa-vaksinen. Dei første dosane kjem no i oktober, og helsestyresmaktene rår dei som ventar barn til å vaksinere seg.
Men mange nølar.

Bergljot Vinjar

Bylkeslege Bergljot Vinjar rår alle til å ta vaksine mot svineinfluensa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fylkeslegen i Møre og Romsdal, Bergljot Vinjar, seier helsestyresmaktene ikkje veit korleis influensaen vil slå ut i neste runde. Ho meiner vaksinen kan hindre at dette blir ein svært alvorleg sjukdom for mange, og det vil då vere ein stor fordel om alle vaksinerer seg.

Helsestyresmaktene samanliknar svineinfluensaen med spanskesjuka som var svært alvorleg og kom igjen i fleire bølgjer. Bergljot Vinjar seier det er vanskeleg å spå når neste omgang med svineinsluensa slår til, så når tilbodet om vaksine no kjem anbefalar ho heile befolkninga til å ta den.

Førebur massevaksinasjon

Henning Fosse

Helsesjef i Molde, Henning Fosse garanterer vaksine til alle til rett tid.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kommunane førebur no massevaksinasjon mot influensa. Det kan bli ulike løysingar i dei forskjellige kommunane. I Ålesund er det planar om å ta i bruk Color Line Stadion.

I Molde kan det bli aktuelt å nytte rådhuset i tillegg til dei kommunale legekontora. Helsesjefen i Molde, Henning Fosse seier at alle kan føle seg trygge på at dei skal få den vaksinen dei skal ha på eit forsvarleg tidspunkt.