Hopp til innhold

Vegkrangel kan slå ut flytrafikken

Éin kommune og tre statlege organ kranglar om éin gangveg. Det kan få konsekvensar for flytrafikken til og frå Ålesund.

Gangveg Vigra

Her ser ein delar den nye vegen som blir bygd på Vigra.

Foto: Jan Erik Andreassen / Øy-Blikk

Nye reglar til tryggleikssone for flyplassar gjer at fylkesvegen ved sørenden av Ålesund lufthamn Vigra må stengast.

Som erstatning skal Avinor og Vegvesenet byggje både gangveg og ny bilveg.

No kranglar Giske kommune med Vegvesenet, Avinor og Vegdirektoratet.

Dei blir ikkje einige om kva veg som skal byggjast først.

Knut Støbakk

Giske-ordførar Knut Støbakk (KrF) meiner Vegvesenet, Avinor og Vegdirektoratet trenerer.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Trenering

For i planlegginga er det ikkje sett av pengar til den 2,3 kilometer lange gang- og sykkelvegen. Det gjer Giske kommune forbanna.

– Kravet frå kommunen er klart, og det er at gang- og sykkelstien skal vere på plass før ein legg om trafikken til nord om flyplassen.

Det seier Giske-ordførar Knut Støbakk (KrF) om det som har blitt ein heller intrikat strid.

Det er i oktober 2013 at dei ny sikkerheitskrava til Vigra flyplass blir gjeldande. Fram til no har ikkje dei statlege organa blitt samde om rekkjefølgja i prosjektet.

– Det har vore ei veldig trenering. Den eine handa veit ikkje kva den andre handa gjer, verken i samferdsledepartement eller direktorat, meiner Støbakk.

Saka held fram under bildet.

Tor Hånde

Tor Hånde, lufthamnsjef ved Ålesund lufthamn Vigra, fortel at saka kan få konsekvensar for flytrafikken.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Har klaga sak til Miljøverndepartementet

Giske kommune klaga saka inn til Miljøverndepartementet.

Dersom kommunen får medhald kan ein risikere avgrensingar i flytrafikken til og frå Ålesund lufthamn.

Lufthamnsjef Tor Hånde i Avinor seier at dei i verste fall kan risikere å måtte stenge delar av rullebana, for deretter å bruke den til sikkerheitssone.

Dette vil då få direkte konsekvensar for kva fly som kan lande på Vigra.

Svein Solbjørg

Svein Solbjørg i Vegdirektoratet er klar på at gangvegen skal byggjast. Han vil derimot ha bilvegen ferdig først.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Problemet er finansieringa

Det er altså tre statlege organ involvert i bygginga: Det er Statens vegvesen som skal byggje vegen, Avinor som må stenge den gamle vegen og Vegdirektoratet.

Svein Solbjørg i Vegdirektoratet fortel at gang- og sykkelstien skal kome, men først etter at bilvegen er bygd.

– Vi arbeider for at gangvegen skal byggjast så snart som mogleg. Problemet vårt er finansieringa.

– Er de ueinige med Giske kommune si vurdering i saka, om at gangvegen skal vere på plass først?

– Ein kan tolke litt forskjellig her, men det vesentlege er at alle arbeider for at bygginga skal skje så snart som råd, avsluttar Solbjørg.