Hopp til innhold

Vegg- i- vegg både heime og på ferie

Mange nordmenn reiser i flokk. Arne Werkland og naboen på Kvamsøya, er naboar også på campingplassen.

Arne Werkland

NABOAR: Dei er naboar heime og naboar på ferie. Her ligg campingvognene til Arne Werkland og arbeidskameraten i Hornindal.

Foto: PRIVAT

På campingplassen i Hornindal er det mange gode naboar. Arne Werkland frå Kvamsøya har hatt campingvogna si i Hornindal i 30 år. Nærmaste nabo, er ein annan kvamsøying.

– Det er tretti centimeter mellom plattingane våre, ler han.

Mannen på naboplattingen er i tillegg ein arbeidskamerat som Werkland møter kvar dag på jobb heile året.

Ein fordel å campe med naboen

Det var tilfeldig at dei enda opp på same campingplass. Werkland og familien var først på besøk, men likte seg så godt at dei lét campingvogna bli ståande i Hornindal.

Arne Werkland

CAMPING: Arne Werkland på campingen i Hornindal.

Foto: PRIVAT

Kva tenkjer du om at du er så nære naboen din når du er på ferie?

– Det er berre ein fordel. Ein slepp å opprette eit nytt forhold og vi kjenner kvarandre godt. No er det blitt slik at det er i Hornindal vi møtast.

Men, det er ikkje slik at naboane er saman støtt. Privatlivet er framleis viktig.

– Vi sit på kvar vår side av gjerdet og snakkar om det eine og det andre, men vi trakkar ikkje inn dørene til kvarandre.

Søkjer sikkerheit på ferien

Professor ved UiS, Reidar J Mykletun

Organisasjonspsykolog og professor ved Universitetet i Stavanger, Reidar J. Mykletun har forska mykje på nordmenns reisevanar.

Professor og organisasjonspsykolog, Reidar J. Mykletun ved Universitetet i Stavanger seier nordmenn har ein tendens til å samle seg når dei er på ferie.

– Ein fortel om ferien til andre eller ein besøker nokon på ferie. Så får ein lyst å skape sin eigen feriestad der, forklarar han.

Slik er det på campingplassar, hyttefelt og i varmare strøk. Grunnen til det, er at ein vil ha kontroll og sikkerheit på ferien.

– Ofte søkjer ein enkle og kjente løysingar i ferien. Mange har meir enn nok å slite med i kvardagen, så ein ynskjer ikkje å stresse med nye og ukjente ting.

– Kva er sterkast i mennesket då, trongen til sikkerheit eller trongen til å oppleve nye ting?

– Det er nok tryggleiken, men alle vekslar mellom desse polane.

Det stabile er eit typisk mønster for nordmenns ferievanar.

– Ein veit kva ein kjem til og slepp å ta omsyn til mange nye menneske. Ein får meir ro til å samle krefter.

Det kjente freistar mest

Werkland seier han er for gamal for å søkje eventyr, så det er alltid campingplassen som freistar mest i ferien.

– Eg har born i Midsund og på Grytastranda så vi reiser dit, men elles fartar vi ikkje så mykje. Det verte inni "Honndalen".

Gled de dykk til å møtast i Hornindal?

– Ja, absolutt. Der er ikkje berre folk frå Kvamsøya, det er folk frå blant anna Ålesund også, så det er kjekt.