NRK Meny
Normal

Vegvesenet fann plutseleg ein million kroner til Volda

Seinast i går sa Statens vegvesen at dei ikkje hadde pengar til trafikktiltak i Volda. I dag fann dei ein millionar kroner å bruke.

Volda sentrum

Fartsdumpar og lys skal gjere det tryggare for trafikantane i Volda.

Utfordringane i Volda sentrum er store, og endå større trafikkproblem er det venta å bli når Kvivsvegen opnar i helga. Den nye vegen kan føre til ein auke i trafikken i Volda sentrum på 1500 køyrety kvar dag. To 90 graders svingar er det som byr på dei største problema for tungtransporten.

Statens vegvesen har sagt at dei ikkje har midlar til strakstiltak, men i dag snudde dei.

Gatelys

– Vi låner pengar frå ei eit vegprosjekt ein annan stad i regionen, og desse kan vi låne til 2014, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Knut Ivar Nauste.

Volda sentrum

Volda sentrum har store trafikale problem. Det er dei to 90-graders svingane som byr på dei største utfordringane.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Pengane skal gå til gatelys og fartshumpar.

Ny veg

Dei krappe svingane er eit mykje større prosjekt. Her skal det planleggast ny trase saman med Volda kommune i løpet av neste år. Dette vil truleg koste mellom 500 og 600 millionar kroner.

– Pengane no går til små strakstiltak som gjer at det vert tryggare for trafikantane å krysse vegen, seier Nauste.