– Totalt telte vi sju ras som hadde gått innover Eikesdalsvatnet, to av dei store, seier Knut Nauste, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Det var i 15-tida i går at det gjekk fleire jord/grus- ras i Eikesdalen i Nesset kommune. Politiet opplyste då at eit av dei største rasa var om lag 30 meter langt.
NVE åtvarar no mot jordskredfare fleire stadar i Møre og Romsdal i morgon.
- LES OGSÅ:
Store krefter i sving
– I løpet av eitt par minutt har det vore store krefter i sving, seier Nauste.
MELLOMBELS VEG: Knut Nauste i vegvesenet seier dei håpar å få på plass ein mellombels veg så snart som mogleg.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK– Det har tydelegvis vore eit svært lokalt regnvêr i området i går ettermiddag og det har skapt enormt store skader på vegen, held han fram.
Arbeidet med å rydde opp vegen har pågått sidan, og vegvesenet kom raskt til staden for å byrje oppryddinga, og fekk gjort mykje arbeid i går. Likevel står det att mykje arbeid før vegen igjen kan opnast.
– Det kjem fleire anleggsmaskiner inn i området for å gjere resten av arbeidet. Det er ganske store massar som må deponerast så vi må gjere det på ein skikkeleg måte, seier Nauste.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mellombels veg
– No prøvar vi å byggje opp ein mellombels veg i det området der øydelegginga er størst. men det vil ta eit par dagar, seier Nauste.
SKADER: Raset i Eikesdalen har ført til store skader på fv. 191.
Foto: Tor Håkon UtigardNauste seier vidare at dei treng mykje tid for å avgjere korleis dei skal byggje opp att vegen. I dag har dei hatt synfaring på staden saman med geoteknikkar for å undersøke skadane.
På den mest skadde delen av vegen må det til med dykkarar for å undersøke kor mykje undergraving det er på den mest kritisk skadde delen av vegen.
– Når vi får den oversikta kan vi forhåpentlegvis byrje arbeidet med å byggje opp att vegen slik som han var, seier Nauste.
I mellomtida håpar dei å få på plass ein mellombels veg.
– Den vil gå på innsida av dagens veg, forklarer Nauste.
– På utsida er vegen for utrygg, vi håpar å få til ein veg slik at folk kan passere, held han fram.
I mellomtida må reisande nytte seg av vegen over Auresjøen og ned til Sunndalen dersom dei skal kome seg til og frå Eikesdalen.
Det var ingen som blei skada i raset.
- LES OGSÅ:
Ikkje innesperra
Kari Meringdal, innehavar på Eikesdal camping er glad for at ingen blei skadd i raset.
– Det viktigaste er at ingen blei skadd. Vi skal alltid kunne takle at vegen blir stengt nokre dagar, seier ho.
Ho ser ikkje mørkt på vegstenginga.
– Det er klart det blir meir tungvindt å kome seg ut frå Eikesdalen no, men det er absolutt ikkje umogleg, seier Meringdal.
– Vi er ikkje innesperra, held ho fram.
Likevel håpar ho at vegen vil opne igjen så snart som mogleg.
– Det tek fort lenger tid å køyre den andre vegen, så vi håper sjølvsagt at det ikkje tek for lang tid for vegen opnar att.
STENGT: Her I Eikesdalen i Nesset kommune gjekk det laurdag fleire jord/grus ras.
Foto: Google maps / Skjermdump