Hopp til innhold

Trur på auka brusatsing

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen trur det i framtida blir satsa meir på alternative bruløysingar i staden for tunnelar. Han seier dette ofte er både billegare og tryggare alternativ.

Tresfjordbrua

Brubygging, som er i Tresfjord, blir eit vanlegare syn i framtida, trur vegdirektøren.

Foto: Statens vegvesen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen

Terje Moe Gustavsen tok til orde for å velje bru framfor tunnel på eit seminare i Åndalsnes i går.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Du skal ikkje reise langt på ein Vestlandsveg før du møter ein av dei mange og lange tunnelane som har blitt bygd for å gjere vegen rettare, kortare eller tryggare.


Under eit seminar om framtidas tunnelar i Åndalsenes tysdag, tok vegdirektøren til orde for at det no må tenkjast annleis på vegutbygging. Sjølv om det framleis vil bli bygd tunnelar, trur han vi i framtida oftare kjem til å velje andre løysingar.

–Det er betre å satse på bruer enn tunneler der det kan vere mogleg, seier Terje Moe Gustavsen, til NRK.

Billegare med bru

Årsaka er at det er billigare å både drifte og vedlikehalde ei bru enn ein tunnel. I tillegg er det lettare å sikre tryggleiken for dei som ferdast på ei bru enn om bilistane skal inn i fjellet.

Vedirektører seier erfaringane frå dei siste tiåra har gjort dei betre i stand til å vurdere andre alternativ . Dei har også fått meir erfaring i å finne gode løysingar der tunnel er det beste alternativet.

For det er ikkje slutt på tunnelbygginga. Gustavsen er klar på at dette framleis vil vere den beste løysinga for enkelte vegstrekningar.

–Det er framleis alt for mange stader som er rasutsette, og det er framleis både fjordar og fjell som må passerast.

Krav om miljøtunnelar

Gustavsen er meir skeptisk til det auka kravet om miljøtunnelar for å utvikle byområde og bymiljø. Han seier han har forståing for ønsket, men at det likevel ikkje er så enkelt:

–Vi forstår behovet, men det må alltid vegast opp mot tryggleiksriskoen ein tunnel utgjer, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL