– Konsekvensen er så mykje verre i ein tunnel enn ute på vegane

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen slår fast at risikoen er større ved ulukker og brannar i tunnelane enn utanfor.

Testbrann i Runehamartunnelen

Testbrann av personbil i Runehamartunnelen. Arkivfoto.

Foto: Molde Brann- og redningstjeneste
Vegdirektør Terje Moe Gustavsen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner at folk har krav på trygge tunnelar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Brannberedskap i tunnel

Tysdag hadde Statens vegvesen tunnelseminar i den nedlagde Runehamartunnelen på Åndalsnes.

Foto: Statens vegvesen

Sjølv om det skjer fleire brannar og trafikkulykker ute på vegane, er faren større viss det skjer noko inne i tunnelane. Vegdirektøren var tysdag på tunnelseminar i branntryggleik i den nedlagde Runehamartunnelen mellom Innfjorden og Veblungsnes.

Runehamartunnelen har blitt eit internasjonalt senter for forsking på tunnelbrannar. Moe Gustavsen seier at ein alltid lærer noko nytt når ein testar branntryggleik i tunnelar.

– Runehamartunnelen, som er Europas største testanlegg, er viktig i vårt arbeid mot å betre tunneltryggleik. Den er mykje brukt, og vi planlegger å bruke den mykje meir, seier vegdirektøren.

Viktig å samarbeide med brannvesenet

Han håper at dette anlegget vil gjere at tunnelane her i landet blir betre. Statens vegvesen har ansvar for å innreie tunnelane med rett sikringsutstyr.

– I Norge har vi 1100 tunnelar, og då er det dessverre slik at ulukker skjer, og at det kan oppstå brann. Difor er det uhyre viktig at vi samarbeider med naudetatane, og då spesielt brannvesenet, seier han.

Vil auke kunnskapsnivået

Dei er også avhengige av at alle partar sit inne med nok kunnskap. Men er beredskap knytt opp mot brann i tunnelar overdrive?

– Det er heldigvis slik at det er veldig få som har dør på grunn av tunnelbrann, men dessverre er det mange fleire som dør i kollisjonar inne i tunnelar, også oppstår det brannar som følgje av det.

– Sjølv om risikoen for at det skal skje noko inne i ein tunnel er lågare enn ute på vegane, så er konsekvensen så mykje verre i ein tunnel, seier vegdirektøren.

Er det vits i å oppgradere gamle tunnelar?

I Møre og Romsdal er det flust av gamle tunnelar. Fannefjordtunnelen er ein av dei, som no skal gjennom rehabilitering slik at den blir meir brannsikker.

– Eg meiner at det er sjølvsagt at vi skal koste på oss å oppgradere dei gamle tunnelane. Det er fordi folk har krav på trygge omgivnader, og i tillegg får vi strengare sikringskrav til alle riksvegtunnelar i 2019.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.