NRK Meny

Veg stengt til onsdag eller torsdag

Oppryddingsarbeidet etter raset på fylkesveg 63 ved Berge i Eidsdal er venta å vare til onsdag eller torsdag denne veka. I mellomtida vert det sett inn beredskapsferje på strekninga Hellesylt-Geiranger. Denne ferja skal vere på plass ca klokka 1800 og rutetidene ligg på nettstaden til Fjord1, melder Statens vegvesen.