Hopp til innhold

To til sjukehus for sjekk etter ulykke

To personar er køyrd til Molde sjukehus for nærare undersøkingar etter ei trafikkulykke i Molde onsdag morgon.

Trafikkulykke

Det var like før klokka 08.00 at det skjedde ein kollisjon mellom to bilar ved avkøyringa til Høgnakken i Molde.

Olav Oksviksveg var stengt i ei periode som følgje av ulykka, men klokka 08.50 var vegen open igjen for trafikk.

To personar blei sendt til Molde sjukehus for sjekk.

– Det er snakk om store materielle skader så førarane blei sendt til sjukehus for sjekk. Skadeomfanget er så langt ukjent, men det er så langt ikkje meldt om alvorlege personskadar, seier Frode Gjøsund, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Glatt vegbane

Politiet ber bilistar om å vere obs på at det kan vere glatt fleire stadar no.

– Vi går mot ei tid der det er meldt stadig lågare temperaturar, så det kan vere glatt på morgonane, seier Gjøsund.