Hopp til innhold

Fem bygder blei isolert etter ras

Fylkesveg 650 i Norddal er no open igjen etter å ha vore stengt i timevis på grunn av eit steinras torsdag morgon.

Ras Norddal

Fylkesveg 650 var stengt i fleire timar ved Lingetunnelen mellom Valldal og Liabygda på grunn av eit steinras torsdag morgon.

Foto: Veidekke

Det var like før klokka 06.00 torsdag morgon at fylkesveg 650 i Norddal kommune blei stengt ved Lingetunnelen mellom Valldal og Liabygda på grunn av eit steinras. Ingen personar skal vere skadd som følgje av raset.

Rasulykke Norddal

Ein geolog måtte undersøke rasstaden før oppryddingsarbeidet kunne starte.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Raset gjekk mellom Lingetunnelen og ferjekaia på Linge, og fleire store steinar hadde rast ut i vegbana.

– Det er rundt fem-seks store steinar på rundt ein kubikk som dekker heile vegbana, seier Arne Sandnes, ordførar i Valldal til NRK i 80.30-tida.

Setter inn ferje

Det er ingen omkøyringsmoglegheiter på denne delen av vegen, og både Trollstigen og vegen over Geirangerfjellet er vinterstengde.

Ras Norddal

Fleire steinar rasa ned på vegen torsdag morgon. Vegen blei stengt

Foto: Arne Sandnes

Dermed blei fleire tusen innbyggarar i Valldal, Tafjord, Eidsdal, Geiranger og Norddal isolert på grunn av raset. Arne Sandnes, ordførar i Norddal, fortel at vegen er ein populær pendlarveg og at det er mange som blir råka av ei slik vegstenging.

Det var lange køar ved rasstaden i morgontimane torsdag og det blei sett inn ferje mellom Linge, Eidsdal og Liabygda frå klokka 09.00.

Vegen opna halv 12

Det var lenge uklart kor lang tid det ville ta før vegen kunne opne. Ein geolog måtte undersøke rasstaden før oppryddingsarbeidet kunne starte.

Klokka 11.30 kunne vegen endeleg opne igjen etter å ha vore stengt i timevis.

– Ein geolog har undersøkt faren for nye ras, og meiner det er trygt å opne vegen, seier Statens vegvesen.

Rasutsett plass

Arne Sandnes, ordførar i Valldal, er ikkje overraska over at det gjekk eit ras på denne strekninga.

Arne Sandnes

Ordførar i Norddal, Arne Sandnes, håper vegen no blir betre sikra.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Dette er ein rasutsett veg og det dett ofte steinar ned på vegen. Det er eit veldig farleg punkt, seier han.

Sandnes håper at rase no vil føre til at det blir sett i verk strakstiltak for å sikre vegstrekninga.

– Dersom ein i det minste kunne få opp eit sikringsgjerde så ville det betre tryggleiken betrakteleg.

Steinras Valldal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL