Vedtok ny anbodsrunde

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å utlyse bygginga av nytt sjukehus på Hjelset som totalentreprise med samhandling. Prosjektet skal haldast innanfor ramma på 4,1 milliardar kroner.

Styret legg vekt på at røynslene frå den førre anbodsrunden blir teken med vidare, og at tilsette og brukarar framleis har medverknad i prosessen.