Vedtok bygging av Betna-Stormyra

Stortinget løyvde i går 20 millionar kroner til vegstrekninga Betna-Stormyra.

Dette betyr at anleggsarbeidet på den viktige strekninga mellom Møre og Romsdal og Trøndelag kan starte i 2019.

Dei 20 millionane skal gå til førebuande arbeid og oppstart. Men budsjettvedtaket, saman med omtalen i Nasjonal transportplan inneber at heile strekninga er fullfinansiert og skal byggast dei komande åra, seier stortingsrepresentant Helge Orten.

Mange har arbeidd hardt for vedtaket, ikkje minst «Gulstripeaksjonen» i Halsa og Hemne. (Bildet).

Solvår Skogen Sæterbø Helga Hjorthol Grønset og Ola Rognskog
Foto: Trond Vestre / NRK