NRK Meny
Normal

Dette må til for å finansiere nytt kulturhus

Bygging av kulturhus er ei sak det har vore jobba hardt og lenge med i Kristiansund. Tysdag vart det gjort vedtak om finansiering i formannskapet.

Opera kulturhus kristiansund

Formannskapet i Kristiansund har no vedtatt å søke om tilskot til å bygge nytt kulturhus.

Foto: CF Møller

Formannskapet i Kristiansund vedtok tysdag ettermiddag å søke stat og fylke om pengar til å bygge opera- og kulturhus.

Kristiansund må bla opp med 284 millionar kroner for å få kulturhuset sitt, som skal romme Operaen i Kristiansund, Nordmøre Museum, Kristiansund bibliotek og Kristiansund kulturskole.

Just Ingebrigtsen

Rådmann Just Ingebrigtsen i Kristiansund seier regionen trenger sårt eit nytt opera- og kulturhus.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tilskota frå stat og fylke er truleg 408 millionar kroner, skriv Tidens Krav.

Sju av dei 11 i formannskapet stemte for (Arbeidarpartiet og Senterpartiet), mens de fire frå Høgre og Framstegpartiet gjekk imot. Ei slik gåve er det vanskeleg å seie nei til, meinte fleirtalet – medan mindretalet framleis meiner at rekninga framleis er for høg.

Må selje eigedom

Rådmann Just Ingebrigtsen har tidlegare sagt til NRK at det er ingen liten sum, og at dei må nok selje unna noko for å få råd.

– Samtidig må vi trappe ned på både bygg og aksjar for å kunne investere, sa rådmannen.

Ingebrigtsen ønskjer å finansiere 150 millionar ved sal av eigedom, medan 100 millionar allereie er sett av i økonomiplanen. Dermed vil det stå att ei finansiering på 34 millionar kroner for kommunen, noko rådmannen då meiner er overkommeleg.