Hopp til innhold

Vedgjekk ikkje straffskuld

Ein tidlegare vikar ved ein skule på Nordmøre vedgjekk i dag ikkje straffskuld for noko av punkta i tiltalen for seksuelt krenkande handlingar overfor ein mindreårig elev. I følgje tiltalen har mannen sendt meldingar med seksuelt innhald til jenta og skal også ha ringt henne ubedt om kvelden og natta.Mannen er også tiltalt plagsam oppførsel og omsynslaus åtferd. Dette skal ha skjedd i perioden februar til mars i 2017. Rettssaka går for Nordmøre tingrett.

Rettssak Kristiansund
Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL