NRK Meny
Normal

– Kvinna blei dopa ned og valdteken

Kvinna var ute av stand til å hindre handlingane. Og dei to mennene skal, ifølgje tiltalen, ha vore saman om valdtekten. I retten hevda kvinna at ho må ha blitt dopa ned før ho blei valdteken.

Valdtektssak

Kjetil Gjøen er rettens formann i valdtektssaka som tok til måndag.

Foto: Terje Reite / NRK

Under rettssak forklarte kvinna at ho skulle feste saman med venninnene den 30. desember 2012. Ho var 18 og eit halvt år, jentene hadde vorspiel saman og drog til ein utenstad i Ålesund sentrum.

Ingvild Thorn Nordheim

Ingvild Thorn Nordheim er aktor i valdtektssaka i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK
Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for den eldste av dei tiltalte.

Foto: Terje Reite / NRK
Inger-Marie Sperre

Inger-Marie Sperre er bistandsadvokat for kvinna og for den tidlegare sambuaren til ein av dei tiltalte og barna til den tidlegare sambuaren.

Foto: Terje Reite / NRK
Dagfinn Tynes

Dagfinn Tynes er forsvarar for den yngste av dei tiltalte mennene.

Foto: Terje Reite / NRK

Ho forklarte at det byrja som ein hyggeleg kveld, og at ho kjende seg «brisen». Men brått endra situasjonen seg.

– Eg må ha blitt dopa. Eg har aldri opplevd noko slikt. Eg blei hysterisk, eg gret og følte eg mista kontakten med bakken, forklarte kvinna.

Kvinna og venninnene hadde planlagt nachspiel. Men ho miste kontakten med venninnene, ho gjekk rundt i byen, skreik og spurte forbipasserande om hjelp.

Eg hugsar lite frå det som skjedde. Og på eit tidspunkt hadde nokon fulgt meg til eit husvere, forklarte ho. Husveret ligg i Sundgata 7, eit bustadkompleiks med leiligheiter som blir disponert av asylsøkjarar.

Måndag formiddag forklarte kvinna om opplevingane sine i husveret i Sundgata 7 i Ålesund. Ho følte situasjonen som trungande, og ville forlate staden. Då ho sprang ned trappene, kom mennene og henta henne opp att.

– Eg var redd og hysterisk. Eg var redd for at dei skulle valdta meg. Dei sa dei skulle gjere det, og eg fekk ikkje gå ut. Dei sa at eg skulle få gå når dei var «ferdige», sa dei. Ho tok til tårene då ho måtte forklare seg for retten om kva som skjedde vidare.

Kvinna forklarte i retten at ho ikkje gjorde noko som skulle få mennene til å tru at ho var med på noko frivilleg. Ho forklarte at ho prøvde å kome seg vekk, og at ho ropte ut gjennom eit vindauge etter hjelp.

Dei burde skjøne at dette ikkje var frivillig. Eg var hysterisk og eg grein. Eg kjende meg rusa på ein måte eg ikkje hadde kjent før. Beina var liksom ikkje i bakken. Og eg følte eg ikkje kunne hindre det som skjedde, forklarte kvinna.

Ein av mennene skal ha gjenteke fleire gonger at det «skulle gå bra», og at ho skulle få gå «når dei var ferdige». Kvinna forklarte også at dei tok frå henne mobiltelefonen og gøymde han i ein skuff.

Det er to menn som står tiltalt i den alvorlege valdtektssaka. Begge kom til Noreg som asylsøkjarar. Strafferamma for valdtekt der fleire har utført handlinga er på 21 år.

Kvinnar forklarte i retten at mennene tok henne med til eit ubebodd husvere oppe i etasjane på bygget.

Eg trur ikkje nokon av dei budde der. Det var skittent og det var umøblert. Der var berre ei seng, og ikkje noko toilett, forklarte kvinna.

Ein av mennene er i tillegg til valdtekten også tiltalt for vald mot blant andre den tidlegare sambuaren sin, og for å ha forulempa offentleg tenestemann.

Ingen av dei tiltalte vedgjekk straffskuld då rettssaka tok til i Sunnmøre tingrett i dag. Men mannen som er tiltalt for fleire punkt kunne kjenne att nokre av handlingane som er omtalt i tiltalen.

Mennene er tiltalt for å ha valdteke ein person som var medvitslaus og dermed ute av stand til å motsetje seg handlinga. I rettssaka kom det også fram at det var ein tredje person i bygningen. Kvinna hugsar at ho såg ein tredje mann, men fortalde at ho ikkje han hugse at han deltok i valdtekten.

Måndag ettermiddag forklarte den tidlegare sambuaren til den yngste tiltalte seg om valdsepisodar i sambuarforholdet. Mannen er også tiltalt for fleire valdsepisodar og for å ha sett seg opp mot offentleg tenestemann.