Hopp til innhold

Vedgjekk ikkje straffskuld

Mannen som står tiltalt for å ha fotografert 37 unge jenter i seksualiserte situasjonar vedgjekk ikkje straffskuld då saka mot han tok til Sunnmøre tingrett i dag.

Mannen som står tiltalt for å ha fotografert 37 unge jenter i seksualiserte situasjonar vedgjekk ikkje straffskuld då saka mot han tok til Sunnmøre tingrett i dag.

Rettssaka mot hobbyfotografen starta i dag i Sunnmøre tingrett. I midten, dommar Kirsti Høegh Bjørneset, flankert av meddommarane.

Utgangspunktet for at saka blei avdekt, var ei bekymringsmelding frå barnevernet i Ålesund. Ei jente fortalte barnevernet om ein fotograf ho hadde vore i kontakt med. Ho meinte at fleire andre jenter hadde vore i kontakt med fotografen.

Desse samtalane sette politiet på sporet av det som skjedde i fotostudioet til den tiltalte.

Etterforskinga avdekte at fotografverksemda hadde gått føre seg i 2007 til han vart pågripen. Fotografen kom i kontakt med jentene via sosiale medier. Først skjedde dette gjennom Nettby, seinare Facebook og andre sosiale medier, ifølgje aktor.

Vanskeleg identifisering

37 jenter er med i tiltalen. Dette er jenter som politiet har lukkast å identifisere. Aktor vedgjekk at det har vore eit vanskeleg arbeid. Jentene var fotograferte med parykkar og kostymar.

Politiet har gjort eit utval, og teke inn eit avgrensa tal jenter i tiltalen. Dette er jentene der prova, ifølgje politiet, er sterkast.

Fotograf rettssak

Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland og aktor Inger Myklebust Ferstad.

Omfattande materiale

I retten måndag la aktor Inger Myklebust Ferstad fram for retten ei rekkje bilete som eksempel på kva type bilete mannen har teke av jentene.

– Det er seksualiserte bilete, med fokus på rumpe og skritt. Det er snakk om unge, naive jenter, slik 15/16 år gamle jenter ofte er. I denne saka får vi eit innblikk i korleis unge jenter kan bli leia av ein vaksen mann, sa aktor i retten i dag.

Tiltalte skal ha forklart til politiet at bileta er «spreke og sexy», men ikkje ulovlege.

Ein del av tiltalen mot mannen handlar om vald mot familiemedlemmer.

– Dette var ein heim der sambuaren og sonen levde i frykt for vald frå tiltalte, sa aktor.

Den tiltalte mannen har avvist også dette tiltalepunktet.

Erstatningskrav

I retten fremja bistandsadvokatane også erstatningskrav på vegne av både sonen og den tidlegare sambuaren.

Bistandsadvokatane til den tidlegare sambuaren og sonen kravde også lukka dører under kvinna og sonen si forklaring. Grunngjevinga er omsynet til privatlivets fred. Sunnmøre tingrett tok ikkje kravet til følge. Heile saka går dermed for opne dører.

Måndag formiddag forklarte den tidlegare sambuaren seg. Ho fortalde om fleire valdsepisodar frå ein mann som, ifølgje henne, ofte var sint. Særleg skjedde dette i samband med at mannen rusa seg. Kvinna forklarte at mannen ofte slo henne i ryggen, ved nyrene. Ho forklarte også at truslane og redsla for å bli slått skadde like mykje som dei fysiske slaga.

Ferstad Loe

Bistandsadvokat Mette Loe saman med aktor Inger Myklebust Ferstad.

Foto: Terje Reite / NRK

Besøksforbod

Etter at politiet sette i gang etterforskinga blei den tiltalte pålagt forbod mot å besøkje den tidlegare sambuaren sin. I retten forklarte kvinna at ho var redd mannen, og at ho har vore det i fleire år. Ho forklarte at ho har hatt vanskar med å fortelje omgjevnadene om dette.

Sonen likte ikkje fotoaktiviteten

I retten forklarte sonen at han på eit tidspunkt fekk høyre om fotoaktiviteten til far sin. Guten likte ikkje at faren fotograferte jenter som var like unge som han. Då sonen, under eit måltid, tok opp dette med far sin, blei faren sint og slo ein kniv i bordplata, forkarte sonen.

Også sonen forklarte at faren slo han.

– Det var slik kvardagen var, sa han. Han trua meg fleire gonger med «grisebank», og også mor var redd han, forklarte guten.

Sonen forklarte at han var redd far sin, og at det var vanskeleg å ta opp ting med han. Han forklarte at han var redd der han sat i rettssalen også, og hevda at faren hadde fortalt at han skulle sørge for hevn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL