NRK Meny
Normal

Vedgjekk delvis straffskuld i overgrepssak

Mannen i 50-åra frå Sunnmøre som er tiltalt for ei rekkje overgrep mot barn sa seg delvis skuldig i tiltalen då saka mot han starta i Sunnmøre tingrett i dag. Mannen er mellom anna tiltalt for å ha lurt barn til å kle seg nakne og for blotting i påsyn av mindreårige.

Sunnmøre tingrett - overgrepssak

Den omfattande overgrepssaka går for Sunnøre tingrett. Det er sett av 7 dagar til saka.

Foto: Terje Reite / NRK

Saka byrja å rulle etter observasjonar ved Åse skule i Ålesund i 2015. Barn hadde sett ein mann som blotta seg i ein bil ved skulen. Like etter blei det gjort tilsvarande observasjonar ved andre skular i Ålesund. Etter ein episode ved Volsdalen skole i Ålesund blei mannen pågripen.

– I bilen blei det funne ein datamaskin. Då vi opna datamaskinen kom vi rett inn i ein chattelogg, forklarte aktor Cathrin Remøy.

Opna gamle saker

Deretter opna politiet fleire gamle, uoppklarte saker, blant anna frå nabokommunen Sula. Mannen har vedgått blottarsakene frå dagen han blei pågripen. Men han nektar for å ha noko med fleire av dei andre sakene i tiltalen å gjere.

– Politiet meiner det er tiltalte som også står bak desse sakene, sa Remøy.

I avhøyr skal mannen på eit tidspunkt ha vedgått straffskuld for alle punkta i tiltalen, også sakene der han er tiltalt for å ha lurt mindreårige til å kle av seg og å utføre seksuelle handlingar. Men den juridiske forståinga av ordet «forlede» skal, ifølgje aktor, ha fått han til å trekkje tilståinga for alle desse tilfella.

– Politiet meiner det er tiltalte som også står bak desse sakene, sa Remøy.

– Vedgjekk dei faktiske forholda

Forsvarar Mari Vik Slettvoll stadfesta at mannen vedgår dei faktiske forholda i samband med chat-kontakten med dei mindreårige gutane. Spørsmålet er, ifølgje aktor, om mannen har påverka gutane psykisk til å kle av seg og å utføre seksuelle handling på ein slik måte at han har eit juridisk ansvar for det.

Min klient har vedgått at han har hatt kontakt med ungdommane via chattesystem. Skype-loggane viser kva som har gått føre seg. Men lovens ordøyd er at mannen må ha forleda ungdommane til handlingane dei sjølve har gjort. Spørsmålet er om han juridisk sett har forleda dei, sa Slettvoll.

Mannen som står tiltalt skal ha brukt ulike chattesystem for å kome i kontakt med dei unge gutane. Politiet har funne mest dokumentasjon frå kontakt via Skype, og noko mindre frå chatsystema Omegle og Chatrulette.

Han brukte blant anna eit chattesystem som fungerte som ein rulett. Når éin chat var over kom ein ny chat opp. Nokre gjekk han vidare til Skype med, hevda aktor Cathrin Remøy. Vi har få spor etter chattane på rulett-systemet. Men der han gjekk vidare til Skype har vi registrert. Dermed ser vi berre toppen av isfjellet, sa aktor.

10 personar står som uidentifiserte. Ein av postane i tiltalen omfattar desse uidentifiserte personane. Ifølgje aktor er det 21 identifiserte offer i saka.

– Vi har fleire Skype-loggar med uidentifiserte personar. Dermed har vi éin post i tiltalen som er ein «samlepost».

Filmar med overgrep

Mannen er også tiltalt for å ha hatt store mengder bilete og filmar som blant anna viser seksuelle overgrep mot barn. 17 filmar, laga med digitale grafiske verktøy, viser overgrep mot barn som er framstilt (dataanimert) frå barnehagealder og opp mot 10 år.

6603 dataanimerte bilete viser, ifølgje tiltalen, gjennomførte samleie med barn som er framstilt ned mot 4-årsalder. 60 filmar inneheld, ifølgje tiltalen, alt frå poseringar til gjennomførte samleie med svært små barn.

Under etterforskinga fann politiet også skjermbilde som mannen tok på datamaskinen i samband med chattinga med mindreårige.

Forsvarar, Mari Vik-Slettvoll sa at den tiltalte har samarbeidd med politiet under heile etterforskinga.