Vedgår millionsvindel

Ein nordmørsmann i 50-åra vedgår å ha lurt unna 2, 8 millionar kroner i uførepensjon og tent over tre millionar svart. Det kom fram under rettsaka mot han i Nordmøre tingrett i formiddag. Mannen har hatt ein jobb som medførte omfattande reiseverksemd i inn- og utland i ei årrekke, og må no betale tilbake millionbeløp til staten. Aktor ba om at mannen blir dømd til fengsel i 1 år og 10 månader, mesteparten på vilkår.