Hopp til innhold

Nektar for at avsløringane om tvangsbruken er korrekte

Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal hevdar at bruken av tvang innanfor psykisk helsevern er langt mindre enn det VG har fastslått.

Espen Remme

Administrerande direktør Espen Remme ved Helse Møre og Romsdal legg fram fleire konkrete forslag for å betre situasjonen, på eit styremøte neste veke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Torsdag kom rapporten som slår fast det som VG og NRK skreiv allereie for fleire veker sidan: det er for mykje tvangsbruk innanfor psykiatrien i Helse Møre og Romsdal.

Det var i slutten av november VG skreiv at pasientar ved Hjelset psykiatriske i Molde, og ved psykiatrisk avdeling i Ålesund, blir liggande i belte tre gongar så lenge som i resten av landet.

VG etterlyser ny informasjon

Pressemeldinga som helseføretaket har sendt ut startar med å slå fast at bruken av tvang likevel er vesentleg mindre. Her blir det også påpeikt at tala på belteleggingar skil seg vesentleg frå det som avisa skreiv.

Lars Håkon Grønning

Nyheitsleiar Lars Håkon Grønning seier dei ikkje har ny informasjon som seier at det VG skriv er feil.

Foto: privat

Nyheitsleiar Lars Håkon Grønning seier dei ikkje har ny informasjon som viser at dette er gale.

– Det er uråd for meg å svare på, vi har ikkje tilgang til pasientjournalane, så det får stå for deira rekning. Vi har presentert eit bilde basert på tvangsprotokollane, og har ikkje ny informasjon som tyder på at det er annleis no. Sjukehuset er pålagt å føre tvangsbruken korrekt i protokollane vi har fått innsyn i, seier nyheitsleiar Lars Håkon Grønning i VG.

Ingen kommentar frå direktøren

Det har ikkje lukkast NRK å nå administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal torsdag ettermiddag, for å få utdjupa kritikken mot VG. Men i ei ferdigskriven pressemelding seier han at helseføretaket er opptekne av å bruke tvang på rett måte.

Oppgåva vår er å sikre pasientane våre eit best mogleg tilbod der bruken av tvang skal skje på ein god og rett måte og berre når det er naudsynt, skriv administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Vedgår fare for feil

Både VG og NRK har dokumentert omfattande tvang og beltebruk på avdelingane. I tillegg har tilsette og foreiningar sendt fleire uromeldingar om forholda dei siste åra.

På styremøtet 7. desember lovde direktør Remme at psykiatrisaka vil bli tatt opp på kvart møte framover.

I rapporten, som blei offentleggjort torsdag, blir det mellom anna konkludert med at:

  • at pasientar som blir lagt i belte, i snitt blir liggande i tolv timar (ikkje 24, som VG skreiv)
  • at tilsette med vedtakskompetanse ikkje fysisk er til stades når det blir vedtatt å bruke tvang, dette kan føre til feil og gå ut over pasientane
  • at føretaket ikkje sikrar god nok læring etter hendingar

Gjennomgangen har vore svært viktig for å få oversikt og kunnskap om korleis føretaket handterer bruk av tvang, skriv Remme.

Les også:

Til styret neste veke

Saka skal behandlast i styret i Helse Møre og Romsdal neste veke, og der kjem det ifølgje Remme fram fleire forslag til tiltak som skal betre situasjonen.

NRK oppdaterer saka.