Hopp til innhold

Vedgår for dårleg kommunikasjon då legane ville skru av respirator til ALS-pasient

Mannen skulle no vore gravlagd – men gler seg i staden til å feire jul med familien. Helseministeren vedgår at kommunikasjonen var for dårleg då legane ville skru av respiratoren til ein ALS-sjuk mann i Ålesund.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie har bedt alle helseføretaka svara på kva for prosessar dei har rundt avslutting av respiratorbehandling, når dette er i strid med pasient og pårørande sine ønskje. Det skjer etter den omstridde saka i Ålesund.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Det vekte oppsikt då det nyleg blei kjent at legane ville skru av den livsviktige respiratoren til ein ALS-sjuk ålesundsmann. Familien hevdar dei fekk sju dagars varsel på avgjerda, og beskjed om at respiratoren kom til å bli skrudd av torsdag 29. november kl. 15.

Etter sterke protestar frå dei pårørande blei avgjerda utsett.

Ålesund sjukehus

Legane ved Ålesund sjukehus skal ha planlagt å avslutte respiratoren til den ALS-sjuke pasienten 29. november kl. 15. Familien seier mannen sjølv ønskjer å leve, og no er avgjerda utsett.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

No vedgår helseminister Bent Høie (H) at legane ved Ålesund sjukehus burde handla annleis.

– Saka frå Ålesund sjukehus viser at det likevel kan vere tilfelle der det ikkje har vore god nok kommunikasjon med pasient og pårørande, skriv Høie.

Får feire jul med familien

Legane si avgjerd om å skru av respiratoren skal ha kome som eit sjokk både på mannen sjølv og familien. Trass i den krevjande behandlinga meiner dei pårørande at mannen har eit innhaldsrikt og verdig liv, er samfunnsengasjert, følgjer med på nyheiter og har stor glede av besøk av barn og barnebarn.

Etter at saka blei offentleg kjend, fekk familien diskutere saka i Klinisk etisk komité, og avgjerda er no utsett på ubestemt tid.

Pål Bakke

Pål Bakke har tidlegare vore talsmann for familien, og takka sist veke for overveldande støtte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dermed får han som no skulle ligge i grava, i staden feire jul med sine næraste.

– Vi tenkjer i frykt på dei som kanskje ikkje har dei same ressursane til å stå opp mot helseføretaka, når det blir gjort slike openbare feilvurderingar, skriv dei pårørande i ein epost til NRK.

Har bedt alle helseføretaka om svar

Helseministeren har tidlegare ikkje ønskt å kommentere saka overfor NRK, men måtte svare då nestleiaren i helse- og sosialkomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), sende han eit skriftleg spørsmål.

Kjersti Toppe

Nestleiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), seier til NRK at ho håper Høie sin gjennomgang med alle helseføretaka fører til ei bevisstgjering – og at andre ikkje må oppleve det same som dei pårørande i Ålesund.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I svaret skriv Høie mellom anna at saka burde vore tatt opp med Klinisk etikk-komite på sjukehuset heilt frå starten, for å sikre ei god avgjerd. Slike komitear skal opprettast i alle helseføretak, og diskuterer vanskelege etiske problemstillingar med dei pårørande.

Høie skriv også at han no har kontakta alle helseføretaka i landet og bedt dei svare på kva for prosessar dei har rundt avslutting av respiratorbehandling, når dette er i strid med pasient og pårørande sine ønskje.

– Familien set pris på at helseføretaka blir oppfordra til å gå gjennom rutinane, slik at andre slepp å oppleve det vi har opplevd, skriv dei pårørande.

Mona H. Bahus

Mona H. Bahus i interesseforeininga ALS Norge seier spørsmål om avslutning av respiratorbehandling er vanskelege, og at det er svært viktig at pasienten får informasjon fortløpande.

Foto: privat

Vi har lagt svaret til Høie fram for leiinga i Helse Møre og Romsdal, men fått beskjed om at dei ikkje kan svare før etter helga.

Vi gjer merksam på at sonen som uttalar seg i saka er tilsett i ein av redaksjonane i NRK.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL