NRK Meny
Normal

Vatne fekk 9 poeng i Klassequizen

Vatne Ungdomsskule i Haram fekk 9 poeng i første runde i Klassequizen tidleg måndag morgon. Dei hadde ein litt vanskeleg start, men kom sterkt attende.

I dag tidleg var tiandeklassingane på Vatne ungdomsskule i Haram midt i ein konkurranse. NRK inviterer 15-åringar over heile landet til å konkurrere om å kunne og vite mest, og det var nervøs stemning på Vatne i dag tidleg

Vatne ungdomsskule var først ute i Klassequizen i Møre og Romsdal. Birgitte Hånes, Pia Naalsund og Hanna Sylte.

18 skular i Møre og Romsdal skal vere med i NRK si storsatsing denne vinteren. I dag var det Vatne Ungdomsskule sin tur, med Birgitte Hånes, Pia Naalsund og Hanna Sylte.

Saka held fram under lydklippet.

– Spent

Nøyaktig klokka 8.38 sette morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal over til programleiar for Klassequizen, Maria Holand Tøsse.

– No er eg spent, sa Birgitte Hånes før konkurransen starta. Då programleiaren leste opp spørsmåla hadde laget berre 45 sekund på å gjere klar svara sine.

– Dette gjekk fort

Det blei hektisk aktivitet kring bordet, mens jentene diskuterte kva det rette svaret skulle vere. Dei skulle blant anna svare på i kva land Jerevan er hovudstad.

Dette gjekk litt fort. Vi fekk ganske kort tid på oss, sa Hanna Sylte.

I første runde fekk laget eitt poeng, etter ein litt famlande start. Heldigvis fekk laget nye sjansar i neste kategori.

Flinke med tal på Vatne

Kor mange nullar er det i ein milliard, var eitt av spørsmåla i neste kategori. Dei skulle også svare på kor mange kommunar det er i Møre og Romsdal.

Igjen gjekk dei neste 45 sekunda fort. Men denne gongen hadde laget fleire svar. Smilet kom fram. – No gjekk det litt betre, var den klare beskjeden.

Og i denne runden fekk laget full pott. Elevane på Vatne har tydelegvis dreisen på kategorien tal.

Så var det blod

Neste kategori for laget frå Vatne, var blod.

Dei skulle svare på kva det er som får blodet til å koagulere. Blått blod var også eit tema, då dei skulle vite kven faren til Kong Olav var.

– Det gjekk sånn passe bra denne gongen også, sa ein av deltakarane. Laget hadde heilt rett svar. Dei visste også at Kong Haakon var far til Kong Olav V. Blodkreft er synonymt med leukemi. Laget fekk altså full pott også i siste runde.

Laget enda altså opp med 9 poeng.

Kategori A:

1) I kva slags land er Jerevan hovudstad?
Slik svarte dei: Veit ikkje
Rett svar: Armenia

2) Kva slags kjemisk symbol har grunnstoffet gull?
Slik svarte dei: Ingen aning
Rett svar: Au

3) Kven av desse politikarane hører til ikkje Arbeiderpartiet? Jonas Gahr Støre, Inga Marte Thorkildsen eller Trond Giske?
Slik svarte dei: Inga Marte Thorkildsen
Rett svar: Inga Marte Thorkildsen

4) Kva heiter øya som forbind Atlanterhavstunnelen saman med Kristiansund?
Slik svarte dei: Vet ikkje
Rett svar: Averøy

Kategori Tall:

1) Kor mange nullar er det i en milliard?
Slik svarte dei: 9
Rett svar: 9

2) Kor mange ruterkort er det i en kortstokk?
Slik svarte dei: 13
Rett svar: 13

3) Kven av desse var ein kjent norsk matematikar? Niels Henrik Abel, Niels Bohr eller Halvdan Koht?
Slik svarte dei: Niels Henrik Abel
Rett svar: Niels Henrik Abel

4) Kor mange kommunar er det i Møre og Romsdal? 32, 34 eller 36?
Slik svarte dei: 36
Rett svar: 36

Kategori Blod:

1) Kva er det som får blodet til å koagulere? Blodplater, raude blodceller eller kvite blodceller?
Slik svarte dei: Blodplater
Rett svar: Blodplater

2) Kva heiter faren til kong Olav?
Slik svarte dei: Kong Haakon
Rett svar: Kong Haakon

3) Kva er eit anna namn på sjukdommen leukemi?
Slik svarte dei: Blodkreft
Rett svar: Blodkreft

4) Fem stadar i fylket kan du tappe blod. Kva er namnet på slike stadar?
Slik svarte dei: Blodbank
Rett svar: Blodbank

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.